Barn i høgsetet
Høgstatus-møblar
Dei eldste bevarte stolane kan knytast til dei øvste skikta i samfunnet. Leiaren sin posisjon vart markert ved at han var heva over allmugen. Kongetrona var den gjevaste stolen. Ein av dei første barnestolane vi kjenner vart funne i den egyptiske faraoen Tutankamons grav. (død 1323 f.kr.) Det er ein høg stol med eit fotbrett, kanskje stolen Tutankamon sjølv sat på då han var liten tronarving. Barna til allmugen måtte greie seg med dei benkane og kubbane dei vaksne sat på. Men til alle tider har det vore nevenyttige foreldre og handverkarar med forståing for born sine fysiske særpreg som har laga enkle sittereiskap for små kroppar.

Høg barnestol
På 1600-talet vart det i England laga høge stolar som skulle få barna opp i bordhøgde. Ein slik stol hadde tre hol på frambeina for ei regulerbar fotplate. Frå slutten av 1800-talet vart høge barnestolar produsert industrielt. Nokre av desse var ledda, med hjul under fire føter, og stolen kunne med eit enkelt handgrep gjerast om frå høg stol til låg vogn med spise- og leikebrett.
Møbelprodusenten Thonet laga frå 1873 barnestolen Petit 114, ein høg stol med spisebrett og fotstøtte. Tilsvarande stolar har vore laga i mange variantar fram til i dag. Dette er stolar som barna veks ut av etter ei tid.

Born som små vaksne
1900-talet er omtala som «barnets århundre», etter ein kjend bok (1900) av den svenske pedagogen Ellen Key. Også forfattarar før henne, som Jean-Jacques Rousseau (1712-1778), lanserte tankar om barndomen sin eigenverdi og barns rett til livsutfalding utifrå eigne føresetnader. Men i røynda var barndomen kort. I det gamle samfunnet vart barna ein del av dei vaksne sitt arbeidsliv så snart dei var fysisk skikka til det. Synet på barn som små, uferdige vaksne speglar seg også att i utforminga av møblar for barn. Lenge var dei fleste barnemøblane miniatyrar av vaksenmøblar utan at barn sine behov for utfalding og utforsking vart særleg vektlagt.

Praktisk innreiing
Etter siste verdskrigen kom det ein generasjon med nyutdanna arkitektar som var opptekne av at heimane skulle vere praktisk innretta for både barn og vaksne. Stasstuene og møblane som berre var for søndagsbruk skulle ut, inn skulle solide og enkle bruksmøblar.
I kjølvatnet av denne interessa for bumiljøet for folk flest, kom det designarar som interesserte seg for møblar for barn.
Tore Hjertholm arbeidde i 1950-åra med eit fleksibelt barnemøbel i samarbeid med Arnestad Bruk. Edvin Helseths barneversjon av furumøbelserien ”Trybo” (1966), som fekk namnet ”Fureka/ Stabbe” vart mykje brukt i barnerom og etter kvart i barnehagar. Systemet var bygd opp av enkle element montert saman med trepluggar. Serien omfattar blant anna stolar, bord, benker, hyller og skap.
Også designerar som Ingmar Relling, Terje Meyer og Per Øie teikna barnemøblar.

MiniMax
I 1950- og 60-åra stod stilmessige og estetiske ideal sterkt i møbelformgjevinga. Seint i 1960-åra stod det fram ein ny generasjon designarar som la meir vekt på møblane sin funksjon. Deira postulat var at forma følgjer funksjonen. På same tida stod legar, som norske Henrik Seyffarth, fram og peika på dei negative konsekvensane av feil sittestillingar hos barn. Ergonomi kom inn som eit viktig element i det praktiske designarbeidet.
Peter Opsvik tilhøyrde den nye generasjonen nyutdanna designar frå 1960-åra. Han var heilt frå starten av oppteken av funksjonsinnhaldet til møblane. Som småbarnsfar ville han at også barn skulle ha møblar som var tilpassa deira behov. Kring 1970 byrja han å eksperimentere med stolmodellar som var justerbare og som kunne føre barn i ulike aldrar opp i riktig høgde når dei sat ved eit bord. Med MiniMax, som han utvikla for Stokke i 1970, kunne sittehøgda justerast opp og ned. Brukarane sat framleis med beina på golvet og stolen vart difor presentert saman med eit høgderegulerbart bord.

Ideen bak Tripp Trapp
Med Tripp Trapp kom ein stol som kunne løfte barna opp til bordfellesskapen med dei vaksne ved hjelp av regulerbar seteplate og fotstøtte. Det er føtene som styrer dei fleste rørslene våre, peiker Peter Opsvik på. Fotstøtta i Tripp Trapp gav barn kontroll over eigne rørsler. Det skulle vere slutt på tida då barna sat med dinglande bein på høge stolar, og ikkje kunne kome korkje til eller frå. Tripp Trapp vart stolen som vaks med barnet og som plasserte barnet som likeverdig deltakar i aktivitetane ved bordet.
Tripp Trapp vart sett på som ei internasjonal nyvinning når det galdt ergonomiske barnemøblar, og i 1975 vart konstruksjonen patentert.

Med designaren sine eigne ord:
«Mitt mål var å få fram ein stol som kunne gjere det mogleg for alle frå ca åtte månader og oppover å sitje på ein naturleg måte ved det same bordet. Konseptet skulle gje god funksjonalitet for barn i ulike størrelsar, og for vaksne. Mitt håp var at dette skulle føre til at det vart kjekkare å sitje ved bordet, og gjere det lettere å utføre ulike aktivitetar der. Ved at barn fekk sitje på eit høgare sete enn vaksne, vart høgdeforskjellen redusert, noko som betra samhandlinga mellom barn og vaksne.»

Stokke seier ja til Tripp Trapp
Peter Opsvik søkte etter produsentar til den nye barnestolen sin. Den braut med dei fleste oppfatningar om korleis ein stol skulle sjå ut, og det var langt mellom dei som trudde at ein slik stol ville vere lønsam å produsere. Også hos Stokke var det mange som var skeptiske, men hos direktør Kåre Stokke fann Opsvik ein som hadde tru på stolen. Kåre hadde sjølv fire mindreårige born og opplevde at det mangla eit møbel som var godt for born å bruke ved bordet. Salssjef i Stokke, Malvin Vegsund, var med på møtet då Peter Opsvik for første gong presenterte barnestolen for Stokke. Han la ikkje skjul på at han var skeptisk, men skepsisen smitta ikkje over på Kåre Stokke: «Kåre var positiv. Han har alltid vore open for nye ting og ikkje vore redd for å gå nye vegar.»
Trass i intern motstand kom produksjonen av stolen i gang i 1972, og spenninga var stor då Tripp Trapp skulle presenterast for kundane.

Skepsis i starten
Tripp Trapp vart første gongen presentert for eit større publikum på Sjølystmessa vinteren 1973. Stokke hadde den gongen stor breidde i kolleksjonen. Bedrifta var mest kjent for sine kvilestolar i Star-serien, men laga også sofaer, lenestolar og mindre stolar som Kubus-stolen til Gerhard Berg. Nykomlingen Tripp Trapp fekk ein sentral plass i Stokke-standen noko som viste at bedrifta hadde god tru på produktet: Dette var noko spesielt som ikkje andre hadde.
Som venta var det mange som la merke til Tripp Trapp og media skreiv om nyskapinga, men salet var labert. Gjennom heile messa vart det selt tre stolar, mellom anna til Husfliden som hadde sansen for bruken av trematerialar i stolen.

Gjennombrotet
Det var eit forbrukarprogram i NRK fjernsynet som førte til at folk over heile Noreg vart merksame på det nye barnemøbelet. Programskaparen Lasse Thorseth var tidleg i 1970-åra med å lage ein fjernsynsserie for NRK der dei sette fokus på sitte- og arbeidsstillingar. Belastningslidingar og ryggplager var blitt ei av dei største helseutfordringane i landet. Thorseth og hans medarbeidarar såg at Tripp Trapp kunne knytast til dette temaet.
Stokke sine salsfolk opplevde at interessa for stolen auka vesentleg etter at innslaget med Tripp Trapp vart vist i monopolkanalen NRK. Møbelprodusenten nytta medvinden og sette i gang ein omfattande reklamekampanje der familien Stokke var mellom dei som stod fram som fornøgde Tripp Trapp-brukarar.

Konstruksjonen
Tripp Trapp er konstruert av to skråstilte vangar som er bunde saman med eit beinsett som ligg på golvet. Beina er kopla saman med eit tverrstag og vangane med ei todelt ryggstøtte. Den første modellen hadde heil ryggstøtte. I tillegg er vangane festa saman ved hjelp av to metallstenger.
På vangane av heiltre er det utfrest 14 horisontale spor der ein kan skyve inn sitte- og fotplater i kryssfiner etter behov. Stolen er utført i bøk og kom ved lanseringa i klar lakk og i brun eller raud beis.
Konstruksjonen av Tripp Trapp legg til rette for rasjonell industriproduksjon, samstundes som stolen kan flatpakkast og krev lite volum ved transport. Det er viktig for eit produkt som vert selt over heile verda.
Produksjon i Slovenia
Etter at produktfordelane til Tripp Trapp var blitt kommuniserte ut til marknaden, viste det seg at behovet for ein slik stol var stort. Det gjekk ikkje lang tid før stolen vann innpass også i internasjonale marknader. Det var god plass for ein stol som vaks med barnet.
Dei første Tripp Trapp-stolane vart produserte i Norge, men etterspurnaden auka så raskt at det vart vanskeleg å halde tritt for den lokale underprodusenten. I 1973 fekk Stokke-leiinga kontakt med ei bedrift i Slovenia. Det vart gjort avtale om produksjon av dei laminerte trekomponentane og i løpet av kort tid var framstillinga av Tripp Trapp-stolen flytta til Slovenia.

Eit verdsett møbel
Tripp Trapp og designaren bak stolen har hausta mange lovord både frå lekfolk og ekspertar. Allereie året etter at stolen vart lansert vart han kåra til årets møbel av interiørbladet Bonytt. I 1995 vart stolen heidra med Klassikarprisen av Norsk Designråd. I 2006 vart Tripp Trapp kåra til tidenes beste norske møbel av ein fagjury i VG. I 2017 vart Tripp Trapp den soleklare vinnaren av Aftenposten sin konkurranse, Norsk design i 100.
Ein av grunnane til at Tripp Trapp er omfamna av så mange er at møbelet går rett inn i tida sitt natur- og miljøfokus. For designaren var det viktig å lage eit møbel som var robust og tolde bruk over mange år, i motsetnad til møblar som er utvendig moteprega og raskt vert skifta ut.

Det mest selde møbelet
Det er ikkje alltid at dei møblane som vinn prisar og kåringar også vert favorittar blant folk flest. Det har Tripp Trapp blitt. Frå ein forsiktig start i 1972 og 1973, gjorde salet av Tripp Trapp-stolar eit hopp til over 10.000 selde stolar i 1974. I 1976 var talet på selde stolar kome opp i 25.000. Tripp Trapp var i ferd med å innta posisjonen som verdiskapar nr. 1 for Stokke. I 1985 var det selt 500.000 stolar, men det var først i åra etter at salet nådde dei store høgdene. No er Tripp Trapp tidenes mest selde norske møbel. Per 2022 er det selt over 13 millionar nye Tripp Trapp-stolar til menneske over heile verda. Tripp Trapp tronar også høgt på statistikken når det gjeld bruktmøbelsal. Stolen har ein enkel og solid konstruksjon. Ved riktig bruk er han nærast usliteleg, og dette er ein stol som går i arv til nye generasjonar. Den største konkurrenten til nye Tripp Trapp-stolar er brukte Tripp Trapp-stolar.
Tilpassingar
Tripp Trapp stolen har ikkje vore endra sidan 1975, då han vart utstyrt med ei todelt ryggstøtte. Opp gjennom åra har det i mange land kome nye tryggingsreglar for barnemøblar. Dei skal sikre at born ikkje fell ned av stolane. For designaren var det eit viktig poeng at stolen skulle gje borna fridom til å røre seg slik dei ville, også ved å klatre opp på og ned av stolen. Produsenten har måtta forhalde seg til forskifter som gjeld i dei landa stolane vert selde, og Tripp Trapp-stolane har etter kvart blitt utstyrte med selar som held dei minste barna fast.
Etter kvart har det også kome til putar på stolane, og eit sete som tillet nyfødde barn å sitje i ein Tripp Trapp og delta i fellesskapen rundt bordet.
Tekst: Eldar Høidal
