Bankskøyta og revolusjonen i fiskeria på Sunnmøre frå 1860-talet

Storeggen
Bankskøyta Storeggen av Aalesund vart sjøsett i april 2016 og er i dag ein stor turist-attraksjon i Ålesund. Skøyta er blitt eit fartøy ålesundarar er stolte av. I dei ti åra som har gått sidan ho vart sjøsett, har tusenvis av ungar og ungdommar fått kome om bord på formidling.
Her har dei lært om kva tilhøve fiskarar i Ålesund levde og arbeidde under på slutten av 1800-talet. Dei har fått prøve å heise segl, og kjent litt på kor hardt arbeid det var å vere fiskar for 150 år sidan.

I tillegg til skuleformidlinga har mange vore med ut på fisketurar og kortare og lengre seglturar. Storeggen har mellom anna delteke på gaffelriggseminar og Forbundet Kysten sitt landsstemne, og har også vore ein tur over til Shetland.
Å bygge ein replika av ei fiskeskøyte frå 1890-talet utan teikningar å halde seg til, er eit svært utfordrande arbeid.
At det i det heile teke kunne bli gjennomført, er ein heldig kombinasjon av entusiastar, dyktige handverkarar, økonomiske musklar og ikkje minst ein fantastisk detaljert modell, bygd av Anders Marius Ljaaen til fiskeriutstillinga i Stockholm i 1897.
Dei nemnde entusiastane meinte det var for gale at ikkje Ålesund skulle ha ei einaste bankskøyte som kunne vere med og formidle ei svært viktig utvikling, ja nærast ein revolusjon, av fiskeria i Ålesund i siste halvdel av 1800-talet.
Dei fekk med seg Stiftinga Kjell Holm til å finansiere bygginga, og tok deretter kontakt med Hardanger fartøyvernsenter, som dei hadde tenkt skulle få hovudansvaret for bygginga.
Etter å ha overtala dei lett skeptiske utsendingane frå Hardanger, vart kontrakt skriven i 2013, og planlegginga av prosjektet kunne settast i gang.

I mai 2014 vart kjølen strekt, på Prestebrygga i Ålesund sentrum, og knappe to år etter, 17 april 2016, vart bankskøyta sjøsett.
Ein god del arbeid stod framleis att, og først då det årlege gaffelriggseminaret gjekk av stabelen i september, for høvet sjølvsagt i Ålesund, var dei siste naudsynte detaljane på plass.
Museet overtok bankskøyta då ho var ferdig, og har i åra sidan prioritert bruk og formidling av kystkulturen knytt til denne båttypen.
Historikk
I hundrevis av år har Ålesund hatt ein stor eksport av fisk og fiskeprodukt, særleg klippfisk og tran. Dette var store og viktige inntekter til fiskarane, og til staten.
Frå opne båtar til dekksbåtar
Før 1860 vart fisket på Sunnmøre stort sett drive frå opne båtar. Dampskipa var der, men deira oppgåve var stort sett å gå med meldingar, og å buksere notlag og kjøparar til og frå fiskefelta.
Dei fleste som dreiv fiske på denne tida var ikkje yrkesfiskarar, men bønder som dreiv sesongfiske mellom onnene. Vi kallar dei ofte fiskarbønder, eit uttrykk som er kjend langs det meste av kysten.
Bøndene som budde langt inne i fjordane måtte leige seg husrom i private heimar eller i sjøbuer ute på kysten. Nokre av dei sette opp brakker, eller rorbuer, som dei budde i. Dei fastbuande kalla ofte desse brakkene Fjordmannstover.
Dei første bankskøytene som vart bygde i Ålesund tidleg på 1860-talet, var inspirerte av svenske skøyter som dreiv fiske på Storegga. Fleire av bankskøytene vart finansiert ved at handelsmenn gjekk inn som partsreiarar i lag med fiskarane.
No kunne fiskarane bu om bord i båten, og hadde ikkje lenger behov for å ha andre overnattingsplassar.

Ein annan konsekvens av denne utviklinga var at fisket kunne utvidast til større delar av året. Mange vart på denne tida yrkesfiskarar, og fiskarbøndene vart etter kvart sjeldnare.
Skipsbyggjarane
Fleire skipsbyggjarar gjekk over til å bygge den nye skipstypen, og det vart gjort ein del forbetringar i høve til dei svenske skøytene. Mellom desse var Pioneren C. J. Haasted, far og son Lars og Jens Hammeraas, og ikkje minst Anders M. Liaaen.
Desse utvikla stadig betre båtar. Liaaen bygde framunder 40 bankskøyter mellom 1882 og 1900.
I år 1900 hadde Sunnmøre ein flåte på 255 bankskøyter.

Konfliktar på 1800-talet
Fiskeriet med dei nye båtane var ikkje heilt problemfritt. Skøytene brukte liner medan dei opne båtane oftast fiska med garn. Det skjedde ikkje sjeldan at linene og garna vikla seg saman, særleg under vårtorskefisket i Borgundfjorden.
Dette førte til at det kom ei «Lov om vårtorskefisket på søndmør af 6. juni 1878» Der vart det mellom anna innført eit forbod mot å bruke dregg på linene. Dei som gjorde skade på annan manns utstyr, vart bøtelagd.
Fisket på Storegga
Under sommarsesongen skjedde det største fisket langt ute i havet, på Storegga. Der fiska dei brosme, lange, sei og kveite. Bankskøytene sigla ut, og når dei kom fram, ankra dei opp.
Dei hadde med fleire små båtar, doryar, som vart sett ut på sjøen. Frå desse båtane sette dei liner. Når linene hadde stått ute om lag fire timar, vart dei dregne.
Motoren kjem
Den første motordekksbåten for fiske som vart bygd i Noreg, vart bygd av Jens Hammerås i 1893. Dette første forsøket var ikkje særleg vellukka, men like etter århundreskiftet tok det av. Nils N. Finnøy starta motorproduksjon på Finnøya i 1902-03, og dette vart eit heilt eventyr.
I 1908 var talet på motorbåtar i den sunnmørske fiskeflåten kome opp i 445.
Etter kvart som motorane vart betre og meir driftssikre, var tida ute for bankskøytene. Nybygging av seglskøyter stoppa opp, og utrangerte skøyter vart selde, dei fleste ut av distriktet. Nokre vart bygde om til motordrift og sett i fraktefart på kysten.
Enno på 1960-talet kunne ein støyte på desse, men sannsynlegvis vart dei fleste kondemnerte i løpet av 1970 og 80-talet. Så vidt vi veit, er ingen av dei bevarte i original stand, men ein liten handfull eksisterer framleis, rett nok kraftig ombygde og lite attkjennande.
Dagens situasjon
I dag er den maritime klynga på Sunnmøre eit sterkt miljø. Innovasjon, spesialisering og marknadstilpassing er stadig meir viktig for å møte konkurransen frå lågkostland. Utviklinga i båtar til offshore-segmentet har ført til nyvinningar som fiskebåtane òg ofte kan ha nytte av.
Men i alt dette er det viktig å kome i hug det historiske bakteppet for eventyret om den sunnmørske revolusjonen innafor fiskeria. Det starta med nettopp bankskøytene. Difor er vi i Viti så opptekne av å formidle akkurat denne historia til nye generasjonar.
Bankskøyteprosjektet i framtida
Når det gjeld framtida til Storeggen, så er den avhengig av både sertifiseringar og kompetent mannskap. I tillegg er det heilt naudsynt med eit løpande vedlikehald av båten. Vi er i Viti så heldige at vi har ein fin gjeng med fiviljuge som gjer eit kjempearbeid med mykje av dette.

Og heldigvis finst det framleis i Noreg miljø som står entusiastisk på for å oppretthalde og formidle kunnskap om dei gamle båttypane.
Det er dei siste åra blitt bygd og restaurert mange skuter langs kysten. Og gledeleg nok ser det ut til at mange av desse miljøa faktisk greier å trekkje til seg unge menneske som ser verdien av å ta vare på kunsten å bruke og halde ved like desse. Men det trengs meir enn entusiasme og kunnskap.
For det kostar å drive og halde ved like eit så stort fartøy.
Kjelder:
Rabben, Bjarne: Folk ved havet, fiskarsoge for Sunnmøre og Romsdal, Bind 1. Utgjeve av Sunnmøre Fiskarlag og Romsdal Fiskarlag, 1982.
Maaseide, Knut: Bankskøytene. Historien. Utgjeve av Stiftelsen Kjell Holm, Ålesund 2017.
Hesthammer, Morten: Bankskøyta. Prosjektet. Utgjeve av Stiftelsen Kjell Holm, Ålesund 2017