Kunnskap

Arkivet etter Gustav Gaudernack

Delikat skisse av smykkedesign med svungne linjer, blå blomster og grønne blader på gulnet papir.
Skisse fra Gustav Gaudernacks arkiv.

Kunstmuseet fekk i 2007 deponert eit større arkivmateriale etter Gustav Gaudernack, som vert rekna som den fremste norske metallkunstnaren innan jugendstilperioden. Arkivet er hovudsakleg samansett av skissemateriale i form av teikningar og akvarellar. Materialet er tilgjengeleg for publikum i Digitalt Museum.

Gaudernack, som vart fødd i Bøhmen, tok utdanning i kunsthandverk, glas og emalje i Wien. I 1891 flytta han til Kristiania, der han starta som teiknar for Christiania Glasmagasin. Mellom 1892 og 1910 var han den fremste designaren hjå gullsmedfirmaet David-Andersen. Det var i denne perioden dei norske emaljeverkstadane opparbeidde seg ei leiande rolle internasjonalt. I 1910 starta Gaudernack sin eigen emaljeverkstad.

Naturen var Gaudernack si viktigaste inspirasjonskjelde. Den nydelege Libelle-skåla, som er inngår i samlinga til Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design, med augestikkarhandtak og kravlande biller er det fremste døme på Gaudernack sitt elegante og nyskapande handverk innan jugendstilen. Produksjonen og teikningsmaterialet etter han, er svært allsidig og omfattande.

Jugendstilsenteret og KUBE

Jugendstilsenteret og KUBE, Ålesund

Jugendstilsenteret og KUBE er eit kunstmuseum som ligg i hjartet av Ålesund sentrum.

Arkivet etter Gustav Gaudernack — Viti — Viti