Kunnskap

Advent i mellomalderen

Maleri av Gerhard van Honthorst. Detaljert maleri av jesusbarnet som ligger svøpt i lyse materialet, og lyser opp i mørket. Maria, Joser og de tre vise menn smilende står bøyd smilende rundt barnet.
Gerard van Honthorst - Adoration of the Shepherds (1622).

«Adventus Domini» er latin og tyder å vente, vente på nokon sin ankomst, og då må vi førebu oss. Og det er nett det vi gjer i dag når vi feirar advent – vi førebur oss til julehøgtida. Advent har ein lang tradisjon som kristen høgtid og blir markert på ulike måtar i forskjellige kyrkjesamfunn.

Adventstradisjonen finn vi spor etter heilt tilbake til 300-talet hos romarane og frå 400-talet vart det bestemt at ein skulle faste tre dagar i veka og berre ete magert kjøt og fisk, slik ein gjer før påske.

Men adventstida var ei lysare høgtid, ei feiring der vi fastar i forkant, og når julas herlegdom kom på bordet, vart kontrasten stor og god.

Jula i mellomalderen

Vi har feira jul i Noreg i over tusen år, men med kristninga av landet på 1000-talet endra feiringa seg. Allereie under Håkon den Gode (933–961) vart det bestemt at Noreg skulle feire jul som resten av Europa, nemleg den 25. desember, og ikkje 12. januar som hadde vore høgtidsdagen i heidensk norrøn tid.

Frå 1000-talet markerer vi også første søndag i advent som starten på kyrkjeåret, og i Magnus Lagabøtes bylov frå 1274 står det at julefreden skulle vare i tre veker frå 21. desember.

Jul handla om samhald, og heile familien kunne vere vakne til midnatt, for ein hadde høyrt at det var då Jesus vart fødd. Halm vart lagt på golvet der familien sov saman, også for å verne mot uhell og sjukdom.

Samhaldet både med matlaging, måltid og det å sove i halm på golvet var tradisjonar som heldt seg i hundreåra.

Lovfesta tradisjon

Ølbrygging vart òg ein tradisjon – ein lovfesta tradisjon. I Gulatingslova, som gjaldt for fylka på Vestlandet under vikingtid og tidleg mellomalder, var det klare reglar for ølbrygging.

Bøndene hadde før jul ansvar for å brygge ein viss mengd øl til helgemesse, rundt 1. november. Det gjaldt alle bønder med seks kyr eller fleire, eller ein åker av ein viss storleik.

Budde ein langt ute på øyane eller oppe på fjellet og det var vanskeleg å bringe ølet til byen, måtte ein brygge til seg sjølv. For vener og kjende kom for å smake på ølet som skulle bryggjast og drikkast til jul. Brygga ein ikkje, kunne ein risikere å bli bannlyst og få bøter.

Tid for fellesskap

Alle møttest i kyrkja til messe. Vener og kjende kom for å besøke kvarandre og smake på juleølet. Men første juledag skulle det vere stille og roleg, og då heldt ein seg heime.

Mat og symbol frå mellomalder

Vi følgjer i dag mange tradisjonar som strekkjer seg tilbake til mellomalderen: juleleikar, graut – mest bygg og havre, som var den vanlegaste matretten under mellomalderen – og peppernøtter og marsipan. Julekrydder som kanel, ingefær og safran var òg på bordet.

Kranser av grøne vekstar var eit av dei viktigaste symbola, samt å vaske ned til jul og gå i kyrkja. Både fjøsnissen, dei underjordiske og hulderfolk er òg overleveringar frå vår eldre førkristne tru.

God advent!

Heidi A.Haugene

Avdeling kulturhistorie: Konservator

988 93 947 / heidi@vitimusea.no

Berg, Knut Anders (1993). Julen i norsk og utenlandsk tradisjon

Den norske kirke

Espen Jørgensen artikkel 2023

Norgeshistorie

Store norske leksikon

http://www.gulatinget.no

Advent i mellomalderen — Viti — Viti