Kunnskap

9. april 1940

Avisforside fra Sunnmøre Arbeideravis 9. april 1940 med hovedoppslag om tysk invasjon av Norge.

Meldingane som prega forsida på Sunnmøre Arbeideravis 9. april 1940, var knapt til å fatte:

«Tyskerne har i dag gått til åtak på Norge.» «Flyangrep på Oslo.» «Tyske soldater i Bergen tidlig i morges.» «Trondheim den første by som blei besatt».

At også nøytrale Noreg no var dregen inn i storkrigen, stod snart klart for dei fleste.

Avisa publiserte også oppmodinga frå luftvernsjefen i Ålesund om at alle som kunne, burde forlate byen. Særleg var det viktig at born, gamle og sjuke kom seg av garde så raskt som råd. Bileigarar vart bedne om å fylle opp bilane sine med så mange passasjerar som der var plass til. Drosjebilar og bussar som skulle av garde, måtte melde frå til luftvernsjefen først. Det vart vidare varsla om at hus og gater skulle mørkleggast. Vindauge og lysopningar i alle hus måtte difor dekkast til, og utelamper haldast slukte.

Radiobutikkane hengde ut høgtalarar, slik at folk kunne høyre nyhende frå kringkastinga. Og her samla mykje folk seg, kunne medarbeidaren i Sunnmøre Arbeideravis fortelje, etter å ha vore ute i bygatene denne føremiddagen:
- Etter at dei første meldingane om det tyske åtaket var sendt ut, kunne ein merke at det vart livlegare. Og i tida mellom åtte og halv ni var folkestimmelen blitt så stor at det var tydeleg for alle at noko ekstra hadde skjedd.

Om noko forseinka, gjekk likevel arbeidet kring i byen sin vante gang denne morgonen: Både på den nye busshaldeplassen i Korsen og oppe i Byparken heldt dei på som vanleg. Og på hamna vart dei få båtane som låg der, ekspedert. Også her kunne ein likevel ane at noko hadde skjedd: Utanlandske skip som hadde lege på Valderhaugfjorden, var forsvunne i løpet av natta.

Fleire stadar var folk også i gang med stuve sengeklede, koppar, kar og anna frå hus og heim, inn i privatbilar. Og mange leita etter ledige drosjer. Så sjølv om dei fleste såg ut til å ta situasjonen med fatning, og der ikkje var teikn til panikk, var det liten tvil om at uro og, ikkje minst, otte for framtida, prega folket i Ålesund, rapporterte Sunnmøre Arbeideravis sin medarbeidar, 9. april 1940:

- Det heile kom så plutselig, så uforberedt. Folk kunne liksom ikke gjøre seg fortrolig med at vi, et nøytralt land, skulle bli utsatt for de redsler og lidelser som en krig fører med seg.



Av: Ivar Gunnar Braaten, historikar.

9. april 1940 — Viti — Viti