Kunnskap

70-åringen som framleis trendar

En elegant trepersoners sofa i sort skinn med trehåndtak står på skrå ben av teak fra midten av årh.
Norse, designa av Gerhard Berg for L.K. Hjelle.

På nett er interiørstilen mid-centurymodern, forkorta MCM, eit brennheitt søkeord. Møblar i teak, rom i varme jordfargar, rette linjer og asymmetriske mønster er fellestrekk for bilde som poppar opp. Men kor kjem denne stilen ifrå, og kan vi finne MCM på Sunnmøre?

Modernisme

MCM kjenneteiknar interiørstilen som vaks fram i USA frå rundt år 1930 til år 1960. Det modernistiske med enkle design, organiske materiale, utforskande vinklar og gjennomførte innslag av skarpe fargar. I Norden har vi ikkje noko godt ord for MCM, rett og slett fordi stilretninga her heller var Scandinavian design.

I Norden var det stilretninga Scandinavian design som prega etterkrigstida, heller enn mid-century modern. Formene for dei to stilane har mange fellestrekk, med slanke og meir organiske linjer. Møblane skulle ha eit lettare og meir minimalistisk uttrykk, og fokuset låg no på funksjon. Dette kan vi sjå i samanheng med det som skjedde i samfunnet på denne tida.

Frå overdådig til funksjonell

Før krigen, i perioda frå 1880 til kring 1915, var det den meir overdådige jugendstilen som regjerte, med mange detaljar inspirert av blomster og former frå naturen. Etter andre verdskrig måtte ein byte fokus. I fleire av dei nordiske landa var der harde tider, og fokuset på funksjon hang saman med sosialdemokratiske verdiane, til dømes hus og bustad for alle.

I Norge byrja fleire møbelprodusentar å sikte seg mot eksportmarknaden. Med internasjonal konkurranse tilspissa også krava seg, og bedriftene måtte hente inn eksperthjelp. Gjennom å få profesjonelle designarar med på laget, var det tydeleg at dei norske møbelbedriftene no meinte alvor med ei meir tydeleg estetisk retning.

Scandinavian design

Møbelprodusentane på Sunnmøre var ingen unntak, også dei hevda seg internasjonalt. Hjå Vatne lenestolfabrikk brukte dei Fredrik Kayser, ein av noregs fremste designarar, som gjorde at dei markerte seg internasjonalt. I L.K. Hjelle var Gerhard Berg blant dei nyutdanna designarane som introduserte Scandinavian Design som skulle prege 1950- og 1960-åra. Han vart også sett til å designe kvilestol for Stokke møbelfabrikk på byrjinga av 60-talet.

En elegant grå sofa med knappet ryggstøtte står på slanke trepinner i midcentury-stil.
Gerhard Bergs Norse for L.K. Hjelle. Denne står i den nye utstillinga Sofaen – Det sosiale møbelet på Møbelmuseet i Sykkylven.

Midcenturymodern har hatt fleire oppstandelsar sidan si tid. Også no i år er dette ei voksande trend, som ein vil kjenne igjen i nye møblar hjå fleire produsentar.

Scandinavian design hadde si storheitstid fram til 70-talet, då interessa ikkje var der lengre. Stilretninga fekk ei ny oppblomstring på starten av 2000-talet som har haldt koken sida, men under det nye namnet New Nordic. Det er i tillegg fleire prestisjefylte prisutdelingar innan feltet som bidreg til at stilretninga held temperaturen.

20. juni opnar den heilt nye utstillinga Sofaen– Det sosiale møbelet på Sykkylven møbelmuseum, kor du blant anna kan sjå nærmare på historiske sofamodellar som Gerhard Bergs Norse for L.K. Hjelle.

Kjelder

Store norske leksikon. "Scandinavian Design." Store norske leksikon. Tilgjengeligfra: https://snl.no/Scandinavian_Design.

Bo Bedre. "Californisk villa fylt med dansk design." Bo Bedre. Tilgjengelig fra: https://bo-bedre.no/boliger/hus/californisk-villa-fylt-med-dansk-design.

Mats Linder. "LK Hjelle - Formsterke Møbler." Mats Linder. Tilgjengelig fra: https://www.matslinder.no/2018/08/05/lk-hjelle-formsterke-mobler/.

Miller, William C. Nordic Modernism: Scandinavian Architecture 1890-2017. Lund Humphries, 2019.

Store norske leksikon. "Interiørkunst." Store norske leksikon. Tilgjengelig fra: https://snl.no/interi%C3%B8rkunst.

Store norske leksikon. "LK Hjelle." Store norske leksikon. Tilgjengelig fra: https://snl.no/LK_Hjelle.

Severine Jarnes

Avdeling kulturhistorie: Formidlar

45 85 27 50 / severine@vitimusea.no

70-åringen som framleis trendar — Viti — Viti