30 år med møbelmuseum i Sykkylven
Av Eldar Høidal, historikar Møbelmuseet/Viti
I 2024 er det 30 år sidan Møbelmuseet i Sykkylven vart etablert. Det var dei to bransjeorganisasjonane Norsk Treindustriarbeiderforbund og Møbel- og innredningsprodusentenes Landsforening i tillegg til Møre og Romsdal fylkeskommune og Sykkylven kommune som signerte stiftingsprotokollen og gjekk inn som eigarar av Stiftinga Norsk Møbelfaglig Senter sommaren 1994.
Namnet dei gav institusjonen seier noko om ambisjonane grunnleggarane hadde med tiltaket. Det skulle vere noko meir enn eit museum. Det skulle vere ein stad der folk i møbelbransjen kunne samlast for å få kunnskap om bransjefaglege emne. Senteret skulle arrangere seminar og utstillingar, og bidra til fagleg rådgjeving og utredningar. I tillegg skulle stiftinga: «gjennom museal drift, formidle kunnskaper om møbelfabrikasjon innenfor en vid kulturhistorisk ramme.»

Møbeindindustrimuseum
I nokre år før 1994 hadde det vore arbeidd lokalt for å prøve å realisere eit møbelmuseum i Sykkylven. Eit sentralt utgangspunkt for desse planane var Museumsplanen for Møre og Romsdal frå 1987. Planen nemnde sentrale næringar i fylket i fortid og samtid, t.d. klippfisknæringa, konfeksjonsindustrien og møbelindustrien og heldt fram at det burde vurderast om desse næringane kunne få sine dokumentasjonssentra i dei regionane der dei hadde hatt særleg stor betydning. I 1988 kom Utvalet for teknisk og industrielt kulturvern i Norsk Kulturråd med eit framlegg til ein nasjonal verneplan for tekniske og industrielle kulturminne i Noreg. Møbelindustrien var blant dei næringane som ikkje hadde fått identifisert noko spesielt verneobjekt.
Utvalet bad fylkeskonservatoren i Møre og Romsdal om å undersøke om det var mogleg å bevare anlegg/miljø innan møbelindustrien i fylket. Denne undersøkinga resulterte i eit «Notat vedrørende bevaringsplan for møbelindustrien i Møre og Romsdal.» (1989) Planen avgrensa seg til å gje eit oversyn over møbelbedrifter som hadde vore i fylket, i tillegg til at eit lokalt initiativ for å etablere eit industrimuseum i Sykkylven vart gjort greie for. Om desse planane heitte det i rapporten: «Dersom desse planane skal koplast til eit nasjonalt bevaringstiltak for møbelindustrien, må ein sjå dette i eit litt vidare perspektiv. Det er difor naudsynt å ha oversyn over omfang og geografisk spreiing av møbelproduksjonen i fylket. Dette arbeidet bør organiserast av fylkeskonservatoren i Møre og Romsdal.»
Kulturkonsulent Halstein Kurseth i Sykkylven kommune var orientert om planarbeidet som hadde skjedd i fylket og rapporten frå Kulturrådet. Tida syntest mogen for eit initiativ overfor fylket for å få konkretisert dei planane som var knytte til møbelindustrien spesielt. Både klippfisknæringa og konfeksjonsindustrien hadde på dette tidspunktet fått sine verneobjekt, og fekk etter kvart sine museumsløysingar. Fylkeskommunen fekk midlar frå Kulturrådet til å gjennomføre eit forprosjekt der ein skulle skissere ein plan for eit mogleg møbelindustrimuseum, og ikkje minst diskutere kvar det skulle liggje. Det vart sett ned ei prosjektgruppe der museumskonsulent i fylket, Jarle Sanden, vart leiar, og der ein hadde medlemer som representerte møbelbransjen, Sunnmøre Museum og Sykkylven kommune. Underteikna, som nettopp hadde skrive ei industrisoge for Sykkylven, var sekretær for prosjektgruppa.
Ein enda opp med ein rapport som konkluderte med at museet burde lokaliserast til Sykkylven. Sjølv om vogga til møbelindustrien var på Stranda, var det Sykkylven som kring 1990 var det klare møbelsenteret i landet, ofte kalla møbelhovudstaden. Elles var leiinga i Sykkylven kommune positive til å leggje til rette for etablering og drift, og signaliserte tidleg vilje til også å engasjere seg økonomisk i tiltaket.
Rapporten låg ferdig i 1991. Året etter skipa ei lokal støttegruppe til ei møbelutstilling med eit tverrsnitt av produkt frå den lokale møbelsoga i dei tidlegare lokala til Hole & Lillebøe på Vik. Det var desse lokala rapporten peika på som lokale for eit framtidig møbelindustrimuseum. Det var ikkje noko industriminne på rot, slik Kulturrådet ønskte seg. Fabrikklokala var tømte for industriell verksemd, men i planane vart det skissert korleis ein likevel tenkte seg å gje eit realistisk bilete av framveksten av møbelindustrien, synt gjennom ei kronologisk tidslinje.
Designar-utstillingar
Så vart det stille. Tanken om eit museum i tradisjonell forstand med hovudfokuset retta bakover, løyste ikkje ut det store engasjementet i møbelindustrien. Det skjedde lite før det vart oppretta eit nytt styre for det planlagde museet med bransjemannen Inge Langlo som leiar. Langlo var gjennom mange år eigar og leiar av Ørsta-bedrifta Møremøbler (no Fora Form). Han hadde vore leiar av møbelbransjeforeininga i Noreg og han hadde gjennom mange år vore den fremste brubyggjaren mellom dei nyskapande og kunstnarleg orienterte designarane og den kommersielle delen av møbelnæringa. Ikkje minst var Inge Langlo frå Stranda, han var nevø av den store møbelpioneren, P.I. Langlo, og med ein sterk posisjon i alle delar av møbelindustrien. Inge var oppteken av bransjens historie, men han var heit frå starten tydeleg på at skulle møbelbransjens folk bli med på dette tiltaket, så måtte dei sjå matnytten og kunne hente ut verdiar som førte bransjen vidare.
Inge Langlo tok, saman med Jarle Sanden i fylkeskommunen, initiativet til eit ideseminar i Sykkylven sommaren 1994. Seminaret vart avvikla i den nyrestaurerte sveitservillaen Berlihuset, eigd av designaren Svein Asbjørnsen. Han hadde gjennom ei tid sysla med eigne planar om eit innovasjons- og designsenteret i møbelbygda. No låg det til rette for eit møte mellom parallelle idear og mulegheiter for å gje møbelindustrien ei ny utviklingskraft gjennom felles løft. Til seminaret kom det folk frå kulturinstitusjonar og høgskular i Oslo, mellom andre leiar i Norsk Form, Peter Butenschøn, bedriftseigarar, tillitsvalde, museumsfolk og representantar frå fylke og kommunen. Her vart det gjeve forpliktande signal om økonomisk støtte til det som altså fekk namnet Norsk Møbelfaglig Senter, og som skulle vere eit inspirasjons- og dokumentasjonssenter for den norske møbelindustrien.

Senteret, som fekk leige lokale i Berlihuset, vart i første omgang sikra finansiering gjennom ein treårig introduksjonsperiode. Finansieringa skjedde gjennom like store bidrag frå dei to bransjeorganisasjonane, Møre og Romsdal fylkeskommune og Sykkylven kommune. Det vart lagt opp til tre stillingar i staben, ein dagleg leiar, ein utstillingsarkitekt og ein historikar. Utstillingsarkitekt Milla Krogstad vart den første tilsette, vinteren 1995, underteikna vart tilsett som historikar i september 1995. Denførste tida fungerte Gunnar Kvalsund ved Sykkylven Næringsutvikling som leiar, medan den første tilsette daglege leiaren kom i 1996, Tor Erik Standal. Frå 1998 vart Ellen Standal tilsett som dagleg leiar. Ho var i stillinga til 2004.
Ambisjonane ved skipinga vart følgt opp i praksis og første driftsåret, i 1995, vart det gjennomført to utstillingar med sentrale norske designarar. Først ut var ei retrospektiv utstilling med arbeid av Alf Sture, så følgde ei utstilling med arbeida til designaren Olav Eldøy. Året etter vart den utflytte sykkylvsdesignaren Adolf Relling presentert.
Faglege seminar
Oppdraget til historikaren var i første rekkje å skaffe grunnlagsdokumentasjon frå den norske møbelsoga. Det vart understreka at sjølv om Norsk Møbelfaglig Senter var lokalisert til Sykkylven og Sunnmøre skulle senteret ha ei nasjonal arbeidsramme. Dei første åra reiste eg rundt i landet og intervjua folk med tilknytning til møbelindustrien, designarar, bedriftsgrunnleggarar og eigarar, tillitsvalde, salsfolk og andre. Eg skulle også skaffe oversikt over arkiv som kunne kaste lys over den nasjonale møbelsoga og lage ei grovskisse av den norske møbelsoga.
Intensjonen var at senteret skulle skaffe seg oppdrag som sikra størst mogleg grad av eigeninntjening. På litt sikt var det meininga at pengestøtta frå bransjen skulle fasast ut og at senteret skulle stå på eigne bein, eventuelt med støtte frå det offentlege. Som ein del av finansieringa vart historikaren engasjert av bedrifter som ville ha skrive historia si. Den første boka som senteret stod bak var soga om sunnmøringen Johan Riise som enda opp med å eige ei av dei største møbelbedriftene i landet, Hov Dokka. Det største bokprosjektet ein tok på seg var skrivinga av 100-årssoga til ein av eigarane, Norsk Trindustriarbeiderforbund. Boka skulle vere ferdig til foreininga sitt jubileum i 2004, og for å få rom til også anna arbeid for historikaren, vart arbeidet delt opp i halve årsverk gjennom ein seksårsperiode.
Med eit heiltidstilsett personale på tre personar var Norsk Møbelfaglig Senter i Berlihuset heilårsope. Etter eitt år slutta utstillingsarkitekten, og det vart tilsett ein kontormedarbeidar i staden. Det vart framleis arbeidd for få til nye utstillingar, og utstillingane vart gjerne kombinerte med faglege seminar. Utstillingar som vart laga i perioden senteret heldt til i Berlihuset handla mellom anna om korleis stopningsmaterialar hadde påverka stil- og produksjonsmetodar gjennom åra og korleis laminatmaterialar hadde gjeve designarane større fridom til å forme møblane slik dei ønskte. Det vart arrangert seminar om overflatehandling og sosiologen, musikaren og forfattaren Kjetil Rollnes vart invitert til å kome med sine tankar om den norske kosen og designarane sine moraliseringar over den.
Start året var Norsk Møbelfaglig Senter også medarrangør av designkonkurransen Tre utan grenser. Senterleiaren frå 1996, Tor Erik Standal tok saman med designprofessoren Svein Gusrud, initiativet til eit prosjekt som fekk namnet Industriretta Møbeldesign. Det la til rette for at designsstudentar kunne få innsikt i produksjonsvilkåra i industrien, slik at tankar og idear om nye møbelformer kunne la seg realisere med dei rammene industrien arbeidde innafor, både teknisk og marknadsmessig.
I åra framover hadde senteret også utstillingar som fortalde om utviklinga til dei forskjellige møbeltypane; sengas, stolens og bordets historie.
Etablering av venneforeining
I 2000 tok Norsk Møbelfaglig Senter eit stort steg reint fysisk ved å flytte frå Berlihuset til tidlegare Strømme konfeksjonsfabrikk i Sykkylven sentrum. Leiinga for det møbelfaglege senteret, med EllenStandal og styreleiar Jan Petter Hjortdal i spissen, meinte at dei gamle fabrikklokala gav betre boltreplass for framtidige utstillingar der ein ville vise heile breidda i norsk møbelproduksjon dei siste tiåra. I Strømmefabrikken vart det også anna verksemd med tilknytning til møbelbransjen, som eit testlaboratorium for møblar, og opplæringskontoret for møbel- og treindustrien. I Strømmebygget kom ein då næmare bransjepulsen. Framleis var ambisjonen å aktivisere og engasjere bransjemiljøet. Det skjedde mellom anna gjennom utstillingar. Ei utstilling hadde temaet; Gøymt, men ikkje gløymt. Mange av møbelklassikarane i Norge var tekne ut av produksjon. Ein ønskte å vise fram igjen dei gamle gullegga i von om at nokre av dei på nytt kunne bli tilgjengelege for det breie publikummet.
Åra etter årtusenskiftet var ei krevjande tid for norsk ferdigvareindustri. Mange bedrifter sleit med det norske kostnadsnivået og tapte marknadsdelar i konkurransen med bedrifter frå land med lågare produksjonskostnader. Nokre flagga ut produksjonen og sat igjen berre med administrasjons-, produktutviklings- og salsavdelingar i Norge. Andrevart tvinga til å leggje ned verksemda. Møbelbransjeforeininga på eigarsida merka nedgang i eigne inntekter etter som medlemassen minka. Dei måtte redusere eigne kostnader og tilskotet til museet kom på kuttlista. 2004 var siste året ein fekk støttemidlar frå bransjeorganisasjonane.
På samme tid skjedde ei reorganisering og konsolidering i det norske museumslandskapet på statleg initiativ. Museumsveksten hadde gjennom mange tiår skjedd utan ein overordna plan. No skulle ein få ei betre nasjonal arbeidsfordeling, og ei regional samordning med oppbygging av sterke regionale fagmiljø. Norsk Møbelfaglig Senter vart organisert som ein del av paraplyen Stiftinga Sunnmøre Museum (SSM). Frå å ha delvis privat finansiering, vart museet i Sykkylven fullt finansiert av det offentlege gjennom tilskot frå kommune, stat og fylke. Finansieringa vart kanalisert gjennom overbygninga SSM. Museet skulle framleis ha tilhald i lokala i Strømmebygget, men måtte redusere antall kvadrameter då tilskota minka. Det vart rom berre for ei stilling, ei kombinert historikar – avdelingsleiarstilling. Med plassering som eit fagmuseum under regionmuseet på Sunnmøre vart naturleg nok det geografiske fokuset meir retta inn mot regionen, men i innsamlingsarbeid og dokumentasjonsinnhenting har ein også etter 2004 halde fram med å ha ein nasjonal ambisjon. Det er knapt noko motsetning her i ein situasjon då møbelbedriftene på Sunnmøre står for ein stor del av den norske møbelproduksjonen, og også har gjort det i mange tiår.
For å skaffe støtte i det praktiske arbeidet, og forankre institusjonen best mogleg lokalt, vart det i 2005 oppretta ei venneforeining for møbelmuseet. Venneforeininga har hatt eit styre med tidlegare møbelfolk og andre som har støtta museet ved kjøp av utstyr som knappe museumsbudsjett ikkje har hatt rom for, og som har kome med idear til, og gjennomført, ulike arrangement som kulturkveldar og møbelvandringar. Første leiaren i venneforeininga var tidlegare lektor ved den vidaregåande skulen i Sykkylven, Grethe Østerhus Røyr. Røyr er framleis i 2024 leiar i venneforeininga.
Digitalisert biletskatt
Underteikna historikar fekk etter kvart hendene fulle med større skriveprosjekt for museet. Det vart jubileumsbøker både for bransjeforeininga på arbeidsgjevarsida, for møbelbedriftene Pedro, Stokke og Ekornes og næringssoge for Sunnmøre. For å leie museet vart Line Iversen i ein periode henta inn. Ho gjennomførte eit prosjekt saman med Internasjonal kvinnegruppe i Sykkylven og den lokale frivilligsentralen der det vart kasta lys over korleis innvandrarar innreidde heimane sine.

Kjetil Tandstad vart fast tilsett som avdelingsleiar i 2008. I hans tiårsperiode som leiar fekk museet eit løft når det gjaldt det bygningsmessige. Det hadde mellom anna samanheng med at det skulle leggast til rette for ei samlokalisering mellom Sykkylven Naturhistorisk Museum og det som no fekk namnet Møbelmuseet i Sykkylven. For Møbelmuseet vart det laga tilkomst til nytt utstillingsareal gjennom trapp opp i andre høgda, og ny permanent utstilling om stoppmøbelindustrien si utvikling på Sunnmøre vart opna i 2014. Eit par år seinare vart det opning av det nye Naturmuseet i Strømmebygget. I den samanhengen vart det laga til to kontor i eit nytt inngangsparti i bygget. Med det vart det skapt eit sterkare museumsfagleg miljø i Sykkylven. Kjetil Tandstad og Magnhild Vatne i Naturmuseet fekk til god samordning slik at museet kunne ha lenger opningstid også om sommaren. Etter konsolideringa med Stiftinga Sunnmøre Museum vart dei tilsette i Sykkylven med i eit stimulerande museumsfagleg fellesskap. Det vart lagt til rette for meir utveksling av impulsar og konkret samarbeid om utstillingsprosjekt. Noko av det viktigaste for Møbelmuseet med konsolideringa i 2004var at ein endeleg fekk ei god løysing på oppbevaring av møblar og utstyr då det klimaregulerte magasinet i Borgungavlen vart opna og kunne ta imot møbelskattar frå heile landet.
Eit av dei viktigaste dokumentasjonstiltaka som vart gjennomført dei åra Kjetil Tandstad var avdelingsleiar var digitaliseringa av arkivet etter fotograf P.P. Lyshol. Lyshol var gjennom fleire tiår fotograf for dei fleste møbelbedriftene i Sykkylven og stod for bilete til produktkatalogar og reklamebrosjyrer. Alle møbelbileta vart digitaliserte i samarbeid med Fylkesfotoarkivet og gjort tilgjengelege gjennom Digitalt Museum. Også størstedelen avden store møbelsamlinga til museet er fotodokumentert, digitalisert og gjort tilgjengeleg for folk flest gjennom Digitalt Museum.
Gjennom Kjetil Tandstad kunne møbelmuseet framleis ta på seg skriveoppdrag som både bidrog til økonomien, og til å styrke kunnskapsgrunnlaget og dokumentasjonsbasen til museet. Det kom bøker om Hagens trappefabrikk i Stryn, Møre Transformatorfabrikk i Sykkylven og ingeniørutdanninga i Ålesund.
Skiftande utstillingar
Underteikna kom attende til Møbelmuseet som historikar i 2018 då Kjetil Tandstad pensjonerte seg. Det hadde då i lang tid vore eit ønskje om å få rom i museet til å ha skiftande utstillingar, i tillegg til den faste utstillinga frå 2014. Museumsøkonomien sette grenser for kva ein kunne få til, så i staden for å utvide romkapasiteten i museumsbygget, vart det gjennomført eit trepunktssamarbeid i Sykkylven, mellom Møbelmuseet, Berlihuset og Galleri Cylindra som frå 1989 hadde laga dei særmerkte sylinderobjekta til Peter Opsvik. Første året dette samarbeidet vart materialisert var i 2020. Då var det 100 år sidan designpioneren Ingmar Relling vart fødd. Hundreårsjubileet vart markert med ei utstilling i Berlihuset, og ei bi-utstilling i museet. Med i ei felles «møbelvandring» var også Galleri Cylindra.

For å kople historie, samtid og framtid saman vart det i Ingmar Relling si ånd laga ein designkonkurranse for designstudentar og unge designarar, Relling-prisen. Prisen vart utdelt under eit bransjetreff som museet tok initiativ til saman med bransjeforeininga, i Sykkylven kulturhus hausten 2020. Dette vart det første bransjetreffet som etter planen skal bli eit årleg tiltak i Sykkylven si storstove, Sykkylven kulturhus. Rellingprisen skal bli delt ut anna kvart år. Det har vore utdelingar i 2020, i 2022 og til hausten blir det delt ut ein ny Rellingpris. Kvart år dei siste åra har museet skipa til nye sommarutstillingar. Dei har vore knytt til jubileum slik det var då Stressless vart 50 år i 2021, og Tripp Trapp-stolen runda samme milepælen året etter. I 2023 var det Norges mestvinnande møbeldesignbedrift Fora Form som vart sett i fokus.

I 2024 fekk Møbelmuseet endeleg høve til å ta i bruk ekstra rom i bygget der ein held til. Eit rom på 100 kvadratmeter som ligg like inntil den faste utstillinga, har vinteren 2024 blitt sett i stand, dels av frivillige i venneforeininga, for å huse ei utstilling om sofaens historie. Med denne utvidinga har museet fått det spelerommet ein treng for å halde seg med skiftande utstillingar, slik at publikum som oppsøkjer museet stadig skal finne noko nytt, og at også den minkande, men kunnskapssøkjande møbelfamilien kan finne inspirasjon til vidare utvikling slik målsetjinga var med museet heilt frå skipinga for 30 år sidan!





