25. februar 1942: Evakueringa etter Rinnanbanden sin aksjon i Ålesund

Den 25. februar drog MK Heland frå Vigra til Shetland for tredje og siste gong. Denne gongen var det 23 flyktningar om bord. Dei fleste stod på Gestapo si liste over ettersøkte etter at Henry Rinnan og banden hans hadde infiltrert Walle-gruppa.
Walle-gruppa var ei av dei fem gruppene som organiserte transport av flyktningar fra Ålesund til Shetland. Planen deira var å segle med MB Viggo frå Ålesund til Shetland 21. februar 1942. Det gjekk galt, og dei vart oppdaga.
Ei arrestasjonsbølgje gjekk over byen. Om lag 50 personar vart arrestert i det som vart kalla Ålesundssaka. 20 av desse vart avretta eller mishandla til døde i fangenskap.
Leiaren av motstandsgruppa Milorg, Trygve Rypdal, familien hans og andre medlemmer, måtte rekne med å bli arrestert. Skipperen om bord på MK Heland Sevrin Roald, kona hans og nokre av brørne hans måtte også forlate landet. Alle desse flykta med MK Heland.
Det vart storm, og mange vart sjøsjuke, og turen tok ein dag ekstra på grunn av det. Truleg redda det dårlege veret dei frå å bli sett av fienden sine fly.
Då dei kom fram vart flyktningane sende til Lerwick og innkvartert i ei Nissen-hytte. Her møtte dei også andre som hadde reist frå Vigra tidlegare.
Dei fleste gjorde teneste i styrkane på Shetland og rundt om i verda. Sevrin vart verande på basen, som no låg i Scalloway, og vart sjef for reparasjonsavdelinga for Shetlandsbussbåtene.
Med dette var første fase i MK Heland si illegale krigsteneste over. Ålesundssaka, som Rinnan hadde stått for, hadde gitt englandsfarten eit dødeleg slag.
Den hadde òg rive opp Walle-gruppa i Ålesund, og sett ein stoppar for båttrafikk til og frå Shetland med base i Vigra-Ålesund.
Dei 23 flyktningane om bord i Heland, inkludert mannskap:
Sevrin Olav Roald, Inga Emilie Roald, Arne Ottar Roald, Bjarne Jon Roald, Jon Bernt Andersen Roald, Johan Hagbart Molnes, Sverre Johan Molnes, Nils Johan Molnes, Trygve Rypdal, Sylvi Rypdal, Arild Rypdal, Trygve Stein Rypdal, Karl Johan Roald, Arnfinn Sevrin Roald, Harald Gunnar Roald, Karl Sigvart Roaldsnes, Arnfinn Oddmund Roaldsnes, Jakob Peder Rørvik, Harald Peter Ratvik, Olav Håhjem, Jakob Skodje, Bernt Skodje og Sverre Normann Roald.
Kjelder nytta i artikkelseriane FISKEKUTTAREN MK HELAND og MK HELAND OG 2. VERDSKRIG
Marie Vermersch
Avdeling kulturhistorie: Skipper (frå 1. mai 2026)
916 92 064 / marie.vermersch@vitimusea.no