17. mai 1954
Lav og grå hang himmelen over en festsmykket by da russeungdom og andre morgenfriske skapninger grytidlig i går lot den første lurlåt, de første brøl og knallbom-skudd hjalle mellom husveggene. Det sildret og regnet.
Slik innleia Sunnmørsposten reportasjen frå feiringa av nasjonaldagen i Ålesund i 1954.
Her får du nokre smakebitar frå dagen, tatt av fotografen til avisa Bjarne Skarbøvik.

Heile formiddagen pøste regnet ned i mengder, fram til barnetoget hadde marsjert inn på Utstillingsplassen. Då dukka sola plutseleg fram. Her ser vi toget medan det passerer Sankt Olavs plass.

Etter barnetoget vart nokre av dei mannlege deltakarane samla nede ved hamna for fotografering. Truleg er bildet tatt om bord i Hessaferga, som hadde sin aller siste tur nettopp denne dagen, 17. mai 1954. Namn på gutane har vi dessverre ikkje, i alle fall ikkje så langt… Nokon som kjenner seg igjen?
Barnehagane i byen og barneheimen på Bø-Nørve deltok i 17.mai-toget for første gong, trygt plassert på plana på kvar sin lastebil. Saman med dei vaksne hadde dei små lagt ned mykje arbeid i pynting av bilane, med bjørkekvister og flagg, og med teikningar og plakatar. Dessverre sørga ein grønruss for å grise til dei fargerike dekorasjonane...

Opptoget til Røde Kors hjelpekorps var eit populært innslag i 17. mai-feiringa i Ålesund. I 1954 stilte korpset òg med eigen «elefant». Innslaget vakte stor begeistring, først og fremst frå dei minste, «…men det var også påfallende mange voksne som hujet sammen med ungene da «villdyret» danset og svinset omkring i byens gater,»ifølgje Sunnmørspostens referat.

Regnvêret ga seg utover ettermiddagen. Mange fann derfor vegen til Ålesund kyrkje, der lektor ved Latinskolen, Yngvar Halvorsen, la ned krans ved monumentet over dei falne. Frå kyrkjetrappa lydde så «Olav Trygvason», framført av eit felleskor av mannssongarar. Leiaren av 17. mai-komiteen, Frida Måseide, takka for frammøtet, før alle stemde i med «Ja, vi elsker dette landet».
GRATULERER MED DAGEN!

