Kunnskap

140 år sidan Ålesund fekk sitt første politiske parti

Historisk utsikt over Kirkegaten i Ålesund med gamle bygninger og butikker langs den brosteinsbelag.
Kirkegata, fotografert etter bybrannen i 1904. Den gjenoppbygde Murgården til høgre i bildet. Foto: Viti sine samlingar

Tidleg på kvelden, 28. desember 1883, forlét Emil F. Rasmussen, Knut Bjørset, Andreas Øfstie, Carl Frøland og Knud Bang heimane sine. Dei la i veg gjennom vintermørke gater, med eitt, felles mål: Å slå sprekker i det overflatebiletet av politisk harmoni som prega Ålesund på denne tida.

Desse fem skulle nemleg av garde for å skipe eit partilag; det første i den vesle kystbyen. Difor valde dei å bryte opp frå julefeiringa heime med familien, ogi staden sette kursen mot Murgården i Kirkegata.

Redaktøren av Søndmørsposten, Knud Bjørset, skulle halde innleiinga på møtet. Men då han steig inn i forsamlingslokalet i Murgården, var det så vidt at han fekk krøkja seg fram til talarstolen. For meir enn to hundre hadde møtt fram, så lokalet var stuvande fullt.

Då Bjørset endeleg kom til orde, slo han fast at føremålet med tilskipinga var å «stifte en Venstreforening for Aalesunds by…»

Emil Rasmussen vart vald til møteleiar, og starta med å spørje forsamlinga om kva namnet på lokallaget skulle vere. «Aalesunds Grundlovsforening» var det framlegget som dei fleste slutta seg til, og som difor vart vedteke.

Sjølv om namnevalet kan verke underleg i ettertid, hang det nok saman med behovet for å markere at medlemane slett ikkje var ein gjeng rabulistar som hadde kome saman for å gjere opprør mot det beståande. Dette vart ytterlegare streka under i føremålsparagrafen. Her heitte det at «Foreningens Maal er at samle politiske Meningsfeller (…) til enigt Arbeide for Folkets Selvstyre på Forfatningens Grund…»

Når det gjaldt spørsmålet om kven som skulle kunne teikne medlemskap, vedtok forsamlinga å stille følgjande krav: Ein måtte vere mann, ha fylt 18 år, og ikkje vere medlem i «…nogen Høireforening». Dessutan måtte vedkomande vere motstandar av at den svensknorske kongen skulle ha absolutt vetomakt overfor Stortinget.

Minst 163 av dei frammøtte oppfylte desse krava, og kunne dermed registrere seg som medlemar. Dei fem mennene som hadde teke initiativet til skipinga, kom til å utgjere styret, med Emil Rasmussen som formann.

Dermed vart det første partilaget i Ålesund danna, og det ein månad før landsforeininga, Norges Venstreforening, kom til.

Og lite ante dei vel om dei samfunnsendringane som partipolitikken skulle føre med seg i åra som følgde, desse mennene som seint på kvelden fjerde juledagen i 1883 forlét forsamlingslokalet i Kirkegata, og gav seg på heimveg.



Av: Ivar Gunnar Braaten, historikar