Kunnskap

4.-7. november 1941: Operasjon "Letter box"

To fiskebåter ligger forankret i en rolig fjord med grønne åser i bakgrunnen.
F.v: MK Erkna og MK Heland i Scalloway under krigen. Ukjent år. Foto: Sverdrup, Hartvig

Operasjon “Letter box” var MK Heland sitt første hemmelege oppdrag frå Ålesund til Shetland; 4.-7. november 1941. Retur eit par dagar seinare.

Den 9. april 1940 gjekk tyske tropper til åtak på landet. Dei norske styrkane kapitulerte 10. juni. Dei første tyske soldatane kom til Ålesund 15. juni, og fram til då var det formannskapet som måtte ta styringa.

Motstandsrørsla begynte å ta form, og Shetlandsfarten, i regi av SOE (britisk Special Operations Executive) starta formelt i desember 1940.

Chaworth-Musters og major Boughton Leigh hadde allereie frå sommaren organisert ekspedisjonar med norske fiskebåtar. Seinare var Chaworth-Musters med i etableringa av Kompani Linge, ei britisk militæravdeling av norske frivillige.

Kompani Linge skulle organisere, instruere og leie den norske motstandsrørsla, være bindeledd mellom ute- og heimefronten, samt drive etterretning/spionasje.

Det var i denne samanheng MK Helandi november 1941, under dekknamnet “Per”, tok sitt første hemmelege oppdrag frå Sunnmøre til Shetland.

Målet var å transportere lingekarane Karl Johan Aarsæther og Åsmund Wisløff og dei to flyktningane Odd Berset, journalist og forfattar og Børge Johan Petersen, sekretær og motstandsmann frå Oslo.

Operasjon «Letter box»
Operasjon «Letter box» skulle skaffe opplysningar og bilete til Luftministeriet i London. Målet med turen var å arrangere vapendumping i Ålesund, kontakte lokale motstandsgrupper og starte opplæring av motstandsfolk i fjella ved Ålesund.

Dei skulle også skaffe ein telegrafist til avsnittet. Målet var også å etablere en radiostasjon i Ålesund under navnet "Antrum” i desember 1941, som var viktig for å oppretthalde kommunikasjonen mellom Noreg og Storbritannia.

Det vart ei dramatisk sjøreise prega av orkanbyger og ekstremt dårleg vêr. Då fartyet kom trygt til hamn i Lunna Voe, reiste Aarsæther og Wisløff vidare til London, medan dei to andre vart sende til RVPS (Royal Victoria Patriotic School, mottakssentralen for flyktningar til Storbritannia) for avhøyr.

Mannskapet på Heland ville tilbake til Vigra så fort som mogleg for å ikkje vekkje mistankar hos tyskarane. På returen var dei rikeleg utstyrt med bunker og forsyningar som skulle med til Hamnøya (Oksebåsen) ved Ålesund. Der hadde far til Aarsæther eit sjøhus der våpenlasten skulle overleverast.

Dei fekk landkjenning ved Stad, gjekk nordover i leia til Vigra, og drog på fiske etter avtale med kontakten i Ålesund. Skipper Roald rapporterte rolig inn sin forseinka «fisketur» hos den tyske «Hafenkapitän» i Ålesund.


Mannskap:

  • Sevrin Olav Roald (skipper)
  • Arne Ottar Roald
  • Jon Bernt Roald
  • Nils Molnes
  • Sverre Johan Molnes 



Les meir om MK Heland her

Kjelder nytta i artikkelseriane FISKEKUTTAREN MK HELAND og MK HELAND OG 2. VERDSKRIG

Marie Vermersch

Avdeling kulturhistorie: Skipper (frå 1. mai 2026)

916 92 064 / marie.vermersch@vitimusea.no

4.-7. november 1941: Operasjon "Letter box" — Viti — Viti