
Jugendstilarkitektur og bygningsvern

Jugendstilsenteret og KUBE har som eit av sine hovudformål å ta vare på jugendstilarkitekturen i Noreg. Nedanfor kan du lese kort om nokre av oppgåvene og fagfelta vi arbeider med.
Historie og arkitektur
Museet har eit rikt arkiv med teikningar og dokumentasjon om jugendstilen i Noreg. Vi tar også imot fotografi, teikningar og anna som kan gi meir informasjon om jugendbygningar.
Byggesaker
Vi kan gi rettleiing om kva freding og vern inneber, og skrive faglege uttalar til byggesaker som for følgjer for bygningar i jugendstil. Senteret er ikkje eit offentleg forvaltningsorgan, men er ein uavhengig og profesjonell part med ei fagleg tilnærming til vern av bygningar og andre kulturminne i jugendstil.
Istandsetting og vedlikehald
Vi kan gi råd om antikvarisk korrekte byggemetodar, material og produkt, og bidra til å formidle kunnskap om tradisjonshandverk. Vi inviterer også til fagseminar og andre arrangement som skal betre kontakten mellom huseigarar og relevante fagpersonar og bedrifter.
Tilskot
Vi hjelper gjerne huseigarar og andre tiltakshavarar i heile Noreg med å sende inn søknadar om midlar til istandsetting av bygningar i jugendstil. Vi kan gi råd om kvar ein kan søke, korleis ein søker, og skrive kulturminnefaglege fråsegner både til sjølve søknaden og til sluttrapporten når arbeidet er utført.
Rettleiing
Konservator tilbyr rettleiing til alle arbeid på og ved bygningar i jugendstil. Dette inkluderer mellom anna hjelp med søknadar, regelverk, framgangsmåte, val av handverkarar, material- og fargebruk og utforming.
Dersom du har spørsmål kan du ta direkte kontakt med konservator på e-post eller telefon. For meir omfattande spørsmål og rettleiing vil vi anbefale å sende ein skriftleg førespurnad på e-post som gir ei god skildring av kva du ønsker å gjere og kva du lurar på.
