Møbelmuseet
Møbelmuseet – Sykkylven
Utstillingsopning: SOFAEN – det sosiale møbelet
Torsdag 20. juni kl. 19:00 er det klart for opning av den nye utstillinga: «SOFAEN – det sosiale møbelet» i Møbelmuseet i Sykkylven. Utstillinga viser sofaens utvikling gjennom dei siste hundre åra.
20 jun., kl. 17:00 – 18:00
Sofaen er større enn stolen, men likevel meir smålåten og anonym. Dei fleste kjenner namnet til ein stol eller fleire – Tripp Trapp, Siesta, Stressless – men det er nok dei færraste som kan komme opp med eit namn på ein sofa. Stolar har vore heidra med mange titals designprisar, sofaen har ikkje fått like mykje designheider.
Likevel er sofaen eit favorittmøbel for nordmenn. Sofa var lenge det meste søkte ordet på Finn.no. Når vi inviterer folk med heim, samlast vi til hyggeleg lag i sofaen. Sofaen er det sosiale midtpunktet i mange heimar. Dette er også staden for kvile etter lange arbeidsdagar, og for avkopling med handarbeid og fjernsynstitting. I utstillinga vil du møte kjende og klassiske sofamodellar, men truleg også sofaer du ikkje har sett før. Vi vil vise kvifor sofaene har sett ut som dei har gjort, og vi vil vise at ein sofa kan vere så mangt. I utstillinga har vi også ein aktivitetskrok for born, der dei kan prøve seg som sofabyggjarar.
Utstillinga vil vere opa gjennom heile sommaren, fram til midten av august. Elles vil ho vere tilgjengeleg utover hausten i museet sine vanlege opningstider.
Velkomen til ei annleis sofaoppleving i Sykkylven!
Torsdag 20. juni kl. 19:00
Stad: Møbelmuseet, Storgata 18, Sykkylven.
Gratis inngang.
Storgata 18
Sjå kart →

