Dekorativt mønster med rosa og blå spiraler omringer to hvite blomster på gyllen bakgrunn.
Tradisjonelt norrønt flettemønster i blått, grønt og brunt med ornamenterte detaljer pryder en deko.

Sunnmøre - i boks, INTRO

Ta språkopplæringa ut av klasserommet og besøk utstillinga Sunnmøre – i boks på biblioteket.
Utstillinga turnera mellom biblioteka i Møre og Romsdal. Ta kontakt med ditt bibliotek for å finne ut når utstillinga vil vere der.

Utstillinga fortel om Sunnmøre, ein stad i verda der folk og kulturar har møtt kvarandre i mange tusen år. Nokon har kome og nokon har reist her i frå. Overalt er det spor etter menneska som var her før oss. Kven var dei?

Utstillinga har fysiske objekt du kan ta på, objekt du kan zoome inn på, som eit mikroskop - og filmar. Den har også eit eige læreverk om du ønsker å lære meir om norsk språk og kultur.

Tilbodet er retta mot opplæringssenter i Møre og Romsdal og følgjer læreplan i Grunnleggande norsk for språklege minoritetar.
Med forarbeid, utstillingsbesøk og etterarbeid får elevane utvikle språkkompetansen samstundes som dei får høve til å bli bedre kjent med nærmiljøet og regionen vår.

Hefta de finn her er i pdf-format. Dei er tilpassa to nivå i språkopplæringa; A1 / A2 og B1 / B2.
Hefta er på nynorsk og bokmål.

Grafisk design: Tegneren AS, Therese Myrene
Foto: Interkommunalt arkiv i Møre og Romsdal, ved SEDAK.

Oppgåvehefter

A1/A2 Nynorsk

B1/B2 Nynorsk

A1/A2 Bokmål

B1/B2 Bokmål

  • Tilbod til: elever i norskopplæring i introduksjonsprogrammet
  • Stad: Biblioteka i Møre og Romsdal
  • Pris: Gratis

Biblioteka i Møre og Romsdal

Sunnmøre - i boks, INTRO — Viti — Viti