Anders Svor-museet

En sommerfuglkostyme med lilla og turkise vinger skimtes mot en bakgrunn av furuskog og lyng.

Anders Svor-museetHornindal

Røyster av YKS Ung og Solveig Styve Holte kl. 12

Velkomen til framsyning på Anders Svor-museet sundag 29. juni kl. 12 – «Røyster» av YKS Ung og Solveig Styve Holte!

29 jun., kl. 10:00 – 11:00

«Røyster» er eit nytt koreografisk arbeid av Solveig Styve Holte utvikla i samarbeid med dansekunstnar og prøveleiar May Stene Fossheim, dansekunstnar og utøvar Rina
Rosenqvist, kostymedesignar Molly Raak, komponist og musikar Sofia Jernberg, samt 5 ungdomar frå Ålesund, Ørsta, Volda og Nordfjord som alle er med som utøvarar.

Kan kunsten vere ein stad for å utvikle og auke vår varsemd for kvarandre og omverda? I fleire kunstnariske arbeid har Holte interessert seg for korleis skape fleirstemmige felleskap der ulike viljar og røyster sameksisterer i det koreografiske uttrykket. I «Røyster» vert rørslene skapte i møte mellom ulike kroppar, i undersøkinga av å gi og ta imot, av å berøre og bli berørt, bære og bli boren, rørsler som berre er moglege i samdansen med ein eller fleire andre kroppar. Røyster vert ei øving i varsemd overfor kvarandre og omverda, korleis eksistensen vår er knytt saman og avhengig av andre for å halde fram.

«Røyster» er den fyrste produksjonen av YKS Ung, eit nytt fleirårig talent og kunstprosjekt knytt til arenaen Ysteholen Koreografiske Senter (YKS). I YKS Ung får ungdom erfare kunstproduksjon frå innsida gjennom arbeidet som utøvarar og i samarbeid med ei rekke profesjonelle kunstnarar innan dans, kostyme og musikk.

Konsept, koreografi og kunstnarisk leiar: Solveig Styve Holte


Framsyninga er utvikla saman med:

Prøveleiar: May Stene Fossheim

Komponert av: Sofia Jernberg og Ole Morten Vågan

Framført av: Sofia Jernberg


Kostyme og scenografi: Molly Raak

Dansekunstnar: Rina Rosenqvist



Utøvarar og framført av:

Asiri Carlosdottir Perez, Elena Hertzberg Aidoni, Luna Walderhaug Lange, Mariia Stepanian, Marit Hovland, Rina Rosenqvist.


Produsent: Paula LeweTakk til Amie Mbye, Helga Synnevåg Løvoll, Rose Martin, Venke Sortland, Bojana Cvejic og Sergej Pristas.

Produsert av: YKS
Coprodusert av: tonehimmel, KUBE, Høstscena, Høgskulen i Volda og Kunsthøgskolen i Oslo

Prosjektet er støtta av: Norsk Kulturråd, Møre og Romsdal fylkeskommune og Sparebank1 SMN

Tilgjengelighet:

Publikum vil vere plassert på galleriet på Anders Svor Museet. Framsyninga er difor dessverre ikkje tilgjengeleg for rullestorbrukarar. Det er plassbegrensning og det er derfor lurt å bestille billett på forehand også for deg som har festivalpass.

Røyster av YKS Ung og Solveig Styve Holte kl. 12 — Viti — Viti