Naturmuseet

En grå ulv med intense gule øyne stirrer årvåkent mot kamera i nærbilde.

NaturmuseetSykkylven

Omvising flora og fauna

Naturmuseet tilbyr omvising for grupper i den faste utstillinga vår, Mosaikk. Her fortel vi om mangfaldet i natur, plante-, fugle- og dyreliv i dei kystnære fjordane på Sunnmøre.

Vi tek gruppa gjennom utstillinga som spenner vidt i tid, og fortel om dramatiske hendingar i kanten av innlandsisen, om fuglar som badar og vadar, listige jegerar og flittige samlarar.

Omvising må tingast på førehand.

Grupper på over 30 personar deler vi gjerne opp og kombinerer med besøk i Møbelmuseet si utstilling Ver så god sitt. Denne ligg ei trapp opp. 

Det er også høve til å sjå miniutstillinga Museumsskattar frå forhistoria. Utstillinga viser eit utval gjenstandar frå stein-, bronse- og jarnalder som er funne på Sunnmøre. Originale flintøkser, pilspissar i kvarts, spenner i bronse, glasperler og sverd er noko av det som kan studerast på nært hald.

  • Stad: Naturmuseet i Sykkylven, Storgata 18, Sykkylven
  • Når: Heile året
  • Tid: Om lag 30 min
  • Kontakt oss for pris
Omvising flora og fauna — Viti — Viti