Fiskerimuseet
Fiskerimuseet – Ålesund
Havnåm og industrialisering
Bli med på ei omvising på Fiskerimuseet og lær om framveksten av det moderne fiskeriet og korleis det forma Ålesund og Sunnmøre.
Ålesund er grunnlagd på fiskeri og handel. Bli med på ei omvising som fortel historia om framveksten av det moderne fiskeriet og korleis det forma byen og omlandet. Museet rommar tre ulike utstilingar som kvar løftar fram ulike aspekt ved denne historia.
Med Molovegen utanfor og Holm-bua som historisk kulisse ser vi på utstillingane om både tran- og klippfiskproduksjon, og korleis utviklinga i havfiske var med på å endre Ålesund. Den industriutviklinga som Ålesund opplevde knytt til fiske og fiskeindustri får god plass i samtalen.
Dersom bankskøyta Storeggen av Aalesund ligg til kai får gruppa bli med om bord for eit innblikk i korleis livet som fiskar på 1890-talet kunne arte seg.
Omvisinga kan etter avtale utvidastmed framsyning av filmen «Fiskeskøyta som erobra havet» om bygginga av Storeggen av Ålesund.
Tilbod til: videregåande skule/ungdomsskule
Stad: Fiskerimuseet
Når: tysdag- fredag etter avtale.
Pris: 30 kr per elev.
Tid: 1 time
Molovegen 10
Sjå kart →

Ane Havnegjerde
Avdeling kulturhistorie: Konstituert seksjonsleiar formidling og vertskap
997 69 682 / ane.havnegjerde@vitimusea.no
