Naturmuseet
Naturmuseet – Sykkylven
Naturkafè – Fuglesongtur til Hovdestølen
Bli med fugleentusiasten Kjetil Svenkerud på tur til Hovdestølen ein fin maikveld.
20 mai, kl. 17:00 – 18:30
Vi følgjer vegen mot Kaldastøylen og lyttar til fuglesongen og lærer dei å kjenne undervegs. Hugs kikkert, om du har!
Vi tek ein kopp kaffi/te/saft og noko attåt på Hovdestølen, og lyttar på fuglane sin kveldssong. Vi går over Lianakken eller Godskarnakken tilbake om ver og høve tillet det.
Dei frivillege ved Naturmuseet ønsker velkomen til gamle og nye naturvener i alle aldrar. Ta med ein ven og bli med ut på ein fin kveldstur!
Naturkafè er eit tiltak som frivillige ved Naturmuseet har starta opp. Ønsket er å få til eit møtepunkt der naturinteresserte kan treffast over eit tema og ein kopp kaffi/te ei kveldsstund – inne eller ute. Vi håper også at dette kan inspirere fleire til å verte med som frivillig ved museet.
Dato: Onsdag 20. mai
Oppmøte: Ved bommen til Kaldastøylen, Eidet (ved gamle Sykkylvsbrua)
Turen er ca. 4 km lang (tur/retur), ca. 100-150 m stigning.
Inngang (pris): Gratis
Foto: Kjetil Svenkerud


