Bilde viser en rekonstruksjon av hvordan middelalderbyen Borgund kan ha sett ut. Huskonstruksjoner og kirke plassert på odden. Brygger i sjøkanten, og en båt ute i viken.

Mellomalderfunn i Borgund

Foredrag om mellomalderbyen Borgund

Under grastorva i Borgundgavlen utanfor Ålesund ligg ein av mellomalderens 16 norske byar. I sagalitteraturen omtalast Borgund i 1384 som ein av dei «små kjøpstadane», men etter 1500-talet høyrer vi ikkje noko meir om den vesle byen. Borgund er forlaten og gløymd.

Spor i jorda gjennom dei siste hundreåra var bakgrunnen for ei stor utgraving mellom 1954 og 1983. 5300 m2 vart utgraven, og ei stor mengde gjenstandar, osteologisk materiale, brønnar, murar, vegar og brygger kom fram. Dette er i dag det største mellomalderarkeologiske funnmaterialet i Norge, og viser til stor aktivitet i åra 1050 til 1500.

Foredraget tek føre seg funn og teoriar, bilde av gjenstandar, forsking og resultat.

Foredragshaldar: Arkeolog Heidi Albertinesdatter Haugene

  • Tid: 40 min
  • Tekniske krav: Projektor og evt. talemikrofon

  • Kontakt: heidi@vitimusea.no

Pris:

  • Kvardagar før kl. 16.00: Kr 2 000
  • Kvardagar etter kl. 16.00: Kr 4 000
  • Helg: kr 5 000
  • I tillegg kjem eventuell reise, diett og overnatting
Mellomalderfunn i Borgund — Viti — Viti