Lykt i mørket
I «Lykt i mørke» møter elevane ein formidlar som tar dei med mellom holmar og skjær - og ut mot havet. Viti – musea på Sunnmøre – reiser til skulane og formidlar kva fyr har betydd for menneska, før og no.
Norge kan bety «vegen mot nord», men kvar er denne vegen? Den går ikkje på land, men langs kysten – på sjøen. Norge har Europas lengste kyst, lenger enn to gongar rundt det tjukkaste på jordkloden! Landet er langt og smalt, og kysten er full av holmar og skjær, viker og fjordar. Under havflata er det også øyer og holmar, som vi ikkje kan sjå. Nokon ligg rett under, eller stikk så vidt opp, av sjøen. Då er det fint med fyr, lykter og andre merke som viser trygg veg når vi reiser i båt.
I dag er det 100 fyr, nesten 2000 fyrlykter og ein mengde sjømerke langs kysten. Dei hjelpe oss å finne trygg veg, men kan òg kaste lys på tida som var og tida som kjem.
Varighet: 1 time
Maks publikumsantall: 28

Ane Havnegjerde
Avdeling kulturhistorie: Konstituert seksjonsleiar formidling og vertskap
997 69 682 / ane.havnegjerde@vitimusea.no


