Naturmuseet

Besøkende ser på utstilte dyr i museet mens de holder gule kort under skiltet "Tjelden".

NaturmuseetSykkylven

Intro - møt språket på Naturmuseet

Ta språkopplæringa ut av klasserommet med Intro. I Sykkylven naturmuseum får elevane eit glimt av norsk natur, der vi fokuserer på ord, namn og nemningar knytt til norske fuglar og dyr. Intro skal vere eit supplement til vanleg undervisning i klasserommet.

Tilbodet er retta mot opplæringssenter i vårt område. Formidlingsprogrammet er tilpassa elevar som følgjer læreplan i Grunnleggande norsk for språklege minoritetar. Med forarbeid, museumsbesøk og etterarbeid får elevane utvikle språkkompetansen samstundes som dei får høve til å bli bedre kjent med nærmiljøet og regionen vår.

Grafisk design: SAK design, bearbeiding og supplering Engesland Design

Hefta til forarbeid er tilgjengelege i pdf-format i 3 ulike nivå i samsvar med norskopplæring i introduksjonsprogrammet. Vi tilpassar formidlinga på museet til klassen sine språkkunnskapar. Hefta er på nynorsk og bokmål.

Hefter nynorsk:

Nivå 1

Nivå 2

Nivå 3

Hefter bokmål:

Nivå 1

Nivå 2

Nivå 3

INTRO - møt språket på museum er utvikla av Museum Stavanger med midlar frå Museumsforbundet. Viti har etter avtale tilpassa formidlingsprogrammet til bruk ved Sykkylven naturmuseum.

Tilbod til: elever i norskopplæring i introduksjonsprogrammet

Stad: Sykkylven naturmuseum

Pris: 30 kr pr. elev