Naturmuseet
Naturmuseet – DKS Sykkylven kommune
3. trinn: I kanten av isen
For 20 000 år sidan vart vèret varmare. Kva hende i kanten av isen etter kvart som den store innlandsisen smelta – akkurat her i Sykkylven? Kva planter, dyr og fuglar etablerte seg her? Korleis tilpassa ulike plante- og dyreartar seg miljø og levestader, og kva tid kom dei første menneska hit?
Vi samlar oss i kanten av isen i Naturmuseet si utstilling. Med naturen som utgangspunkt undrar vi oss saman om dei første fuglane og dyra, og om kva menneska levde av her. Til slutt blir det ein liten verkstad, der elevane får bruke reiskap på steinaldervis.
Formidlinga dekkjer fleire kompetansemål for 1.-4.steg innan naturfag, historie og kan også nyttast i norsk og kunst og handverk.
- Tilbod via: DKS Sykkylven kommune
- Tilbod til: 3. trinn i Sykkylven kommune
- Tidsbruk: 2 x 45 minutt
- Tal på elevar: maksimum 24
- Lokale: Naturmuseet
