Historier frå Sunnmøre
Historier frå Sunnmøre er Vitis eigne podkastserie kor ein dykkar djupare ned i lokale historier.
Historia om Borgund
Borgundgavlen i Ålesund er i dag ei grøn oase, med museum, kyrkje og dyreklubb. Men lenge før Ålesund vart ein by, heilt tilbake i mellomalderen, var det eit yrande folkeliv her på Borgund.
Arkeolog Heidi Albertinesdatter Haugene tek oss med tilbake i tid, og fortel om dei 300 - 500 åra kor Borgundkaupangen, som det heitte den gongen, var ein levande by.
Frigjeringa
8.mai 1945 markerer frigjeringa av Norge frå tysk okkupasjon, og nordmenn kunne endeleg heise flagget igjen. Det finst mange norske bøker, seriar og filmar om krigen og heltar frå motstandsbevegelsen, som nærmast herleggjer Norges kamp mot nazistane.
Kva var situasjonen i Ålesund?
Lokalhistorikar Oddbjørn Hofseth fortel om fleire mindre kjente historier frå tida etter frigjeringa, og om stemninga som var lokalt. Du vil også få høyre den personlege historiafrå nokon som kjente krigen på kroppen. Irma Mary Giske Olsen var blant dei som flukta frå Norge under krigen, og kom heim til eit fritt Ålesund i 1945.
Sulanissen
Når høstmørket gjer sitt inntog, gjer også julevarene det i butikkane. Då er det ein karakter ein umogleg kan unngå; nissen. Han er over alt. Det er kanskje ikkje så rart, som ein viktig del av norsk folketru. Men kor stammar eigentleg denne overnaturlege skapningen frå? Og korleis står det til med nissane på Sunnmøre?
Severine og Ingvil tar eit dykk i arkivet på leit etter spor av nissen.
Trolldomsprosessane
Harry Potter, teikneserien W.I.T.C.H, Buffy vampyranes skrekk, tenåringsheksa Sabrina. Alle tek utgangspunkt i den mystiske og magiske underverda. Men kor kjem eigentleg denne ideen om trolldrom frå?
Kulturhistoriker Ane Ohrvik tek oss med tilbake til slutten av middelalderen, då trolldom var ein reell trussel i samfunnet, og noko som stadig dukka opp i rettssalen. Vi ser nærare på kildene vi har, og kva vi eigentleg veit om trolldomsprosessane, både i Europa, i Norge, og her på Sunnmøre.
