Foredrag
Guten som ville nå stjernene
Foredrag om Sivert Aarflot, bondeson og opplysningsmann
Historikar Ingvil Eilertsen Grimstad fortel om Sivert Knutsson Aarflot (1759 –1815).
Sivert kom frå enkle kår og fekk berre 22 dagar skule. Han dreiv gard heile livet, først på Aarflot i Ørsta og seinare på Ekset i Volda. Men noko blei kveikt i han då han hadde lært seg å lese, og han forstod at kunnskap kunne hjelpe folk tilbetre liv.
Som omgangsskulelærar la han merke til kor få bøker som fans i heimane til sambygdingane sine. Boksamlinga hans vart det første biblioteket på landsbygda i Noreg, i Ørsta. Vidare tok han initiativ til den frivillige søndagsskulen for ungdom, der han underviste i m.a. geografi, matematikk og astronomi.
Dette må ha gjort inntrykk i ei tid då folk flest fann alle svar i Bibelen. Han ville at folk skulle få del i nyhende, nye tankar om dyrking av jorda og ny vitskap.
I 1809 starta han det første trykkeriet på landsbygda i Noreg, og i 1810 kom den første avisa, Norsk Landboeblad.
Tittelen på foredraget refererer til eit dikt av Sivert der han fortel korleis ein del sambygdingar reagerte på den veldige kunnskapshungeren hans.
- Foredragshaldar: Ingvil Eilertsen Grimstad
- Lengde: 45 – 60 minutt
- Tekniske krav: Prosjektor og evnt mikrofon.
- Kontakt: ingvil@vitimusea.no
Pris:
- Kvardagar før kl. 16.00: Kr 3 000
- Kvardagar etter kl. 16.00: Kr 4 000
- Helg: kr 5 000

Ingvil Eilertsen Grimstad
Adm. og leiing: Avdelingsdirektør kulturhistorie
917 69 356 / ingvil@vitimusea.no
