Fiskerimuseet
Fiskerimuseet – Ålesund
Fiskeribyen som brann
Med sjøbua og trehusmiljøet i Molovegen som kulisse fortel vi den dramatiske historia om då Ålesund brann. Korleis byen såg ut før brannen, kva ålesundarar arbeidde med og kva som hendte natta då det brann. Formidlaren tek gruppa med rundt i utstillinga og brukar ulike visuelle hjelpemiddel til å fortelje historier frå brannen.
23. januar kvart år markerer årsdagen for den store brannen i 1904. Viti inviterer barnehagar til å besøke Fiskerimuseet i Molovegen. Denne bua og husa i gata bortetter Molovegen er blant husa som ikkje vart råka av flammane natta for over hundre år sidan og gir eit unikt innblikk i korleis mange arbeidde og budde i byen som brann.
Som avslutning får ungane ta del i ei enkel hobbyaktivitet, produktet får dei sjølvsagt med heim!
Matpause: Gruppene er velkommen til å ete matpakke i 2. etasje på Fiskerimuseet. Her er det tilgang til kjøkken.
Ved spørsmål, kontakt: ane.havnegjerde@vitimusea.no, tlf 99769682.
Har de spørsmål om opplegget er det berre å ta kontakt, håpar vi sjåast!
- Tilbod til: Fire- og femåringar i barnehagar i Ålesund kommune.
- Kvar: Fiskerimuseet, Molovegen 10
- Når: tysdag-fredag i veke 4 og 5 i 2026
- Tidsrom: 10:00-11:00 og 12:00-13:00 (andre tidspunkt ved avtale)
- Tal: Maks 20 barn pr. gruppe.
- Pris: 30 kr pr. barn, betaling via faktura.
Molovegen 10
Sjå kart →

Ane Havnegjerde
Avdeling kulturhistorie: Konstituert seksjonsleiar formidling og vertskap
997 69 682 / ane.havnegjerde@vitimusea.no
