Møbelmuseet
Møbelmuseet – Sykkylven
Ein opplyst kveld!
Det er vel kjent at det har blitt produsert møblar, som stolar, sofaer og bord i Sykkylven gjennom dei siste hundre åra. Det er ikkje så kjent at her også har vore produksjon av lysekruner og lamper i kommunen.
25 feb., kl. 18:00 – 20:00
Møbelmuseet inviterer onsdag 25. februar til ein opplyst kveld med lokal lampehistorie. Då vil vi fortelje om kva for lysekruner og lamper som vart laga i møbelkommunen, kven som laga dei og kvar dei lyste.
Åra kring siste verdskrigen var rike etableringsår i industrien i Sykkylven, og i bygdene elles på Sunnmøre. Dei fleste bedriftene starta i det små, og gav arbeid til eigarane og nokre til.
Utstyret var mangelfullt og straumtilførsla ustabil. Det låg ikkje til rette for storproduksjon, men fagkunnskap og arbeidslyst hadde dei unge etablerarane.
Det var difor ikkje så unaturleg at dei kasta augene på tilverking av lamper. Tilverkinga av lampene og lysekrunene var arbeidskrevjande, då dei vart skårne ut av tre. Som regel var det lokalt trevirke som vart nytta, gjerne bjørk.
Slik var det for Ingvald Lillebøe som starta trevarebedrift saman med Olav L. Hole i 1943. Salet tok sambygdingen Leonhard Hole seg av. Han studerte i Oslo og fann kjøpeviljuge kundar i hovudstaden.
Fleire gjorde som Ingvald og Olav, men etter krigen gjekk samtlege lampeprodusentar over til ordinær møbelproduksjon. Framleis finn ein desse lampene i lokale heimar. Vi vil vise nokre av dei fram på arrangementet.
Nokre år seinare vart det ny lampeproduksjon i Sykkylven. Det var Terje Lade som etablerte lampebedrifta Ideas i 1981. Han fekk med seg designaren Jan Erik Lindgren som teikna ein serie bord- og stålamper i laminert tre.
Alf Høydalsvik arbeidde i denne bedrifta og han vil vere med på arrangementet og fortelje om denne litt eksotiske nisjeproduksjonen, som i nokre år skjedde i regi av møbelbedrifta Vestlandske.
Siste tilskotet til lokal lampeproduksjon er det den nyetablerte bedrifta 3D Knitting som står for. Gjennom 3D-strikketeknologi lagar dei lamper til Abstracta. Holly-lampa er designa av Runa Klock og Hallgeir Homstvedt.
Det er eit stor spenn frå dei første handlaga lampene til Holly-lampa som strikkemaskina tek seg av på «eiga hand».
Velkomen til ein litt annleis møbelkveld, i lampelyset!
Dato: 25. februar kl. 19:00 - 21.00
Stad: Storgata 18, 6230 Sykkylven
Inngangspris:
Vaksen kr.80,-
Barn - Gratis inngang
Storgata 18
Sjå kart →

