DKS Møre og Romsdal
5.-7. trinn: BYGG! Og bevare meg vel…
Dei tradisjonelle byggjeteknikkane er rett og slett geniale. Naust, løer og hus blir sett opp utan ein spikar, og har stått støtt i storm og orkan. Dei er berekraftige og nyttar ressursar vi har rett utfor stovedøra: tre, stein, torv og mose.
Bli med og sett opp grindbygg, bukkebygg, stavlinebygg og laftebygg, og finn ut meir om byggetradisjonar i Møre og Romsdal.
Bygg er tilpassa bruken og landskapet, og er gode studieobjekt. Dei er så tydelege, både som konstruksjonar og som delar i eit landskap.
Elevane skal utforske og ta del i praktisk arbeid og slik få auka forståing og interesse for berande konstruksjonar, arkitektur og byggetradisjonar i lokalmiljøet.
Formidlinga tek utgangspunkt i fire frittståande byggmodellar, utforma som byggesett. Dei viser grunnleggjande berekonstruksjonar brukte i Møre og Romsdal. Grovt sagt er grindhus brukt på Sunnmøre, stavlinehus på Nordmøre og midt i mellom ligg Romsdal, der dei har ein spennande hybrid vi kan kalle bukkehus. Laftebygg har vi felles.
Målet er at elevane, gjennom prøving og praktisk arbeid i utstillinga, får auka forståing og interesse for byggekonstruksjonar, arkitektur og berekrafta som ligg i å nytte lokale råvarer og tradisjonar.
Utstillinga «BYGG! Og bevare meg vel» er relevant for kompetansemål i samfunnsfag, matematikk, naturfag og kunst og handverk. Ein tverrfagleg innfallsvinkel gjer utstillinga særleg aktuell for fagemnet teknologi og design.
- Tilbod til: 5.-7. trinn
- Tilbod via: DKS - Møre og Romsdal fylkeskommune
