To lange knivblader ligger ved siden av hverandre, ett med dekorert elfenbenshåndtak og ett i bein.

3. – 7. trinn: Bronsealderkoffert

Bronsealderkofferten lærer oss om tida då vi begynte å bruke metall – bronse – i reiskap, våpen og smykke. Gjenstandane i kofferten, som elevane får kjenne på og bruke, er kopiar av funn gjort i Møre og Romsdal. Vi har òg med ein kopi av eit trekstilfunn frå bronsealderen. Elevane får mellom anna støype og skyte med pil og boge.

Musea i Møre og Romsdal kjem til skulen og formidlar i eit egna uteområde i nærleiken. 
Vi har med utstyr til å støype, skyte med pil og boge med meir.
Elevane må ha gode varme klede og eit sitjeunderlag.
Vi brenn bål, og skulen må difor melde frå til brannvesenet om dette.
Skulen tar med ved til bålet, og om de ynskjer det kan de òg ta med deig til pinnebrød eller pølser.
Det må vere med ein lærar per tiande elev. Maksimum 30 elevar.

Skulen kan bestille tilbodet via kulturavdelinga på fylket. Normal er bestillingsfristen 15. mars for kommande skuleår.

3. – 7. trinn: Bronsealderkoffert — Viti — Viti