Tre ungdommer studerer trebiter fra en tradisjonell trebåt under restaurering.

8. – 10. trinn: Båten og menneske

Båten var havhest og folkevogn og sjøen livsnerven. Å byggje dugelege båtar har difor alltid har vore sett høgt - slik også i dag. Tradisjonelt har vi bygd båtar i tre, og båtborda vert sydd saman med ein saum – gjerne i jarn. Båten var tilpassa kroppen og kroppen var mål under båtbygginga. Slike tradisjonelle klinkbygde båtar har vi hatt i meir enn 1000 år. 

Finn ut meir om båtbygging før og no – og prøv handverket som er på UNESCO lista for tradisjonar med verdsarvstatus.

Musea i Møre og Romsdal reiser ut til skulane og formidlar båtbygging og design.
Vi har med oss ein tradisjonell bruksbåt som har vore og er i bruk på Sunnmøre og i Romsdal – den snidbotna båten. Båten er under bygging, og elevane får prøve ut ulike verktøy og teknikkar. Den snidbotna båten var innovativ og nyskapande båtdesign for 300 år sidan – akkurat som X-bow båtane frå Ulstein er det i dag.

Formidlinga dekkjer fleire kompetansemål for 8. – 10. trinnet i faget samfunnsfag, både under hovudområda historie, utforskaren og geografi.

«Båten og menneske» vert presentert og leia av ein båtbyggjar og ein formidlar frå musea i Møre og Romsdal. 
Formidlinga tek 3 skuletimar. Maksimum 30 elevar.

Vi treng areal tilsvarande ein sløydsal eller gymsal eller eit anna stort rom utan pultar og stolar. Det må vere doble dører for å få utstyret inn. Båten er i autentisk storleik og materialar.

  • Tilbod til: 8. – 10. trinn
  • Tilbod via: DKS Møre og Romsdal fylkeskommune

8. – 10. trinn: Båten og menneske — Viti — Viti