Naturmuseet
6. trinn: Forhistoria på rull Sykkylven
Vi drar på ei tidsreise gjennom forhistoria - frå den siste istida og fram til historisk tid - og samlar oss rundt tidslina, godt planta på skinn av sel, reinsdyr, sau og geit.
Tidslina viser funn frå Noreg og gjenstandane er kopiar frå Møre og Romsdal. Kva kan pilspissar og sverd, fiskekrok og spinnehjul, drakter og smykke, fortelje oss om forhistoria? Nærkontakt med gjenstandar frå steinalder til jarnalder vil, saman med aktivitetsbasert formidling og forteljing, gje ei oppleving av ei fjern og spennande fortid.
Forhistoria på rull gir elevane mange inngangsportar til forhistorisk tid. Fiksjonsfortelling, gjenkjenning, estetikk, praktiske og numeriske oppgåver, samarbeid og dialog er døropnarane.
Tidslinja rullar vi ut på golvet. Den er illustrert med teikningar av gjenstandar, dyr, buplassar og graver. Den er 7 meter lang, og elevane får visualisert kor lang den forhistoriske og kort den historiske tida er. Vi utforskar, sorterer og vurderer kopiar som dei så plasserer på tidslina.
Drakter frå forhistorisk tid har vi òg med.
Til slutt får elevane lage sin eigen gjenstand frå forhistorisk tid, alt etter kva periode dei har fokus på det skuleåret.
Formidlinga dekker fleire kompetansemål for 1 – 4 trinn og 5 – 7 trinn innan historiefaget. Vi skaper fortellingar om menneske i fortida og snakkar om kva som er likt og ulikt - før og no.
Forhistoria på rull kan også nyttast i andre fag, som norsk og kunst og handverk.
Tilbod via: DKS Sykkylven kommune
- Tilbod til: 6. trinn i Sykkylven kommune
- Tidsbruk: 2 x 45 minuttar.
- Tal på elevar: maksimum 24
- Lokale: Naturmuseet
