Naturmuseet

Barn i fargerike klær står i sirkel på tregulv og holder hvite papirservietter i hendene sine.

NaturmuseetSykkylven

Bjørnehjørne-tann

På 1800-talet var tyngda av den vestlandske bjørnestammen nettopp her vi bur. I dag er her ingen bjørnar att. Vi studerer brunbjørnen i museet og samtalar om korleis han lever i naturen i ulike årstider, både som liten og stor. Bjørnen i song og eventyr er også med. Borna får også støype kvar si bjørnehjørnetann i gips og ta ho med seg heim. 

Foto: Viti

Vi vekslar mellom samtale, song, eventyrforteljing, blåbærsmaking og praktisk aktivitet. 

Mål for opplegget: 

Borna skal få 

  • kjennskap til naturen og berekraftig utvikling, lære av naturen og utvikle respekt og gryande forståing for korleis dei kan ta vare på naturen
  • kunnskap om dyr og dyreliv


Jamfør Rammeplan for barnehagen.

Tilbod til førskuleborn i barnehagar i Sykkylven kommune i vårhalvåret, kan også tingast av andre.

  • Tid: 45 minutt
  • Gruppestorleik: 15 born (større grupper delast etter avtale)
  • Pris: 30 kr per påmeldt barn
  • No opent for påmelding for barnehagar i Sykkylven
Bjørnehjørne-tann — Viti — Viti