Viti vann konkurranse med fyrformidling

Viti er årets vinnar av pitche- konkurransen under den nasjonale fagkonferansen SPOR, med produksjonen “Lykt i mørket”.
“Lykt i mørket” er utvikla for barneskulen, og fortel historia om fyrbyggjarane langs kysten og livet på fyret.
Prisen premierer den beste ideen for formidling til born og unge med temaet kystkultur. Produksjonen er utarbeidd av formidlar i Viti, Ane Bjørkavåg Havnegjerde. “Lykt i mørket” var på første turné ved fleire barneskular i Volda kommune vinteren 2022. Sjølve fyrlykta er utvikla saman med kunstnar og møbelsnekker Susanne Fjørtoft frå Ålesund.
- Born får vere med å byggje eit lite fyr, og skape ein fyrstasjon i klasseromet, seier formidlar i Viti, Ane Bjørkavåg Havnegjerde. Viti har laga eit fyr som kan demonterast og vere med oss rundt på skulane. Med oss har vi tidsrett verkty og gjennom byggjinga fortel vi historia om kystnasjonen Noreg og om livet på fyret, seier Bjørkavåg Havnegjerde.
Viti er ein del av Kystverkmusea, det nasjonale etatsmuseet til Kystverket.
- Kystkultur er ei satsing for oss i Viti. Vi er stolte av våre dyktige medarbeidarar som når så godt ut til born og unge. Med “Lykt i mørket” fortel vi historia om fyrbyggjarane, som det var mange av frå Dalsfjord og Volda, om livet på fyret og om byggjinga av kystnasjonen Noreg, seier Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, administrerande direktør i Viti.
No arbeider Viti for at “Lykt i mørket” kan eksporterast til resten av landet.
- Med prispengane frå konkurransen og støtte frå Kystverkmusea vil vi no vidareutvikle produksjonen. Gjennom vårt nasjonale nettverk og ikkje minst fellesskapen Kystverkmusea trur og håpar vi at “Lykt i mørket” får nasjonal interesse og kan brukast av fleire, seier Rotevatn.
Prisen vart delt ut 13. september på Stiklestad Nasjonale kultursenter under konferansen SPOR, som er ein nasjonal fagarena for kulturarvsfeltet i Den kulturelle skulesekken.
Stiftinga Viti er det konsoliderte regionmuseet på Sunnmøre og den største kulturinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim med 63 tilsette. Viti driftar og forvaltar Jugendstilsenteret og KUBE i Ålesund, Fiskerimuseet i Ålesund, Sunnmøre museum i Ålesund, Middelaldermuseet i Ålesund, Naturmuseet i Sykkylven, Møbelmuseet i Sykkylven, Sivert Aarflot-museet i Volda, Anders Svor-museet i Hornindal, Brudavolltunet i Ørsta, Folkemusikkarkivet, og ei rekkje flytande kulturminne, mellom anna bankskøyta Storeggen av Aalesund og Shetlandsbåten Heland.
Viti er ein del av Kystverkmusea og The Réseau Art Nouveau Network.

