Viti søkjer formidlingskurator i kunstavdelinga
Formidlingskurator i kunstavdelinga
Viti Jugendstilsenteret og KUBE, Ålesund
Viti si kunstavdeling er eit museum for kunst, arkitektur og design frå slutten av 1800-talet og fram til vår eiga samtid. VITI skal fremje frie kunstariske ytringar, kunnskapsutveksling, opplevingar og kritisk refleksjon. Gjennom eit spissa og eigenprodusert utstillings- og arrangementsprogram skal Jugendstilsenteret og KUBE og Anders Svor-museet vere levande og aktuelle arenaer for visuell kunst. Vi skal styrke vår rolle som nasjonalt kompetansesenter for jugendstil, aktualisere Anders Svor sitt kunstnarskap og synleggjere museets kunstfaglege arbeid regionalt, nasjonalt og internasjonalt.
Arbeidsoppgåver
· Ansvar for å utvikle og gjennomføre formidlingsprosjekt og -tiltak for kunstavdelinga, i og utanfor utstillingsromma
· Arrangementsprogrammering i samarbeid med leiar og resten av kollegiet, og hovudansvar for gjennomføring av arrangementa
· Bidra i planlegginga av nye utstillingar
· Utvikle tiltak for ulike målgrupper i tråd med gjeldandeformidlingsstrategi og satsingsområde, og utvikling av nye strategiar og metodar
· Leiing og koordinering av frilans-formidlarar
· Kunstavdelinga sin representant i VITI sin interne redaksjon og marknadsforum
· Arbeid med digitale prosjekt og presentasjonar av utstillingar og samlinga på internett og i sosiale media
· Kunnskapsproduksjon og forskingsarbeid innan relevante fagområde
· Koordinere formidlingsverksemda til kunstavdelinga med samarbeidspartnarar, internt og eksternt, og vidareutvikle nasjonale og internasjonale nettverk
· Administrative oppgåver som budsjettstyring, søknadsskriving, evalueringsarbeid, rapportering og dokumentasjon
· Andre oppgåver etter avtale med fagdirektør
Kvalifikasjonar
· MA i kunsthistorie eller annan estetisk fagkrins
· Erfaring med kunstformidling
· Erfaring frå planlegging og gjennomføring av arrangement
· Erfaring med styring av komplekse prosjekt, med mange samarbeidspartnarar og stramme tidsfristar
· God kompetanse på norsk og internasjonal samtidskunst
· God innsikt i jugendstilen og kunsten rundt førige århundreskifte, saman med ei interesse for det regionale kunstfeltet er ein fordel
· Særs god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
· Gode IT-kunnskapar
Personlege eigenskapar
· Evner til god kommunikasjon og tverrfagleg samarbeid
· Fagleg engasjert og ein god formidlar
· Sjølvstendig, fleksibel, nøyaktig og påliteleg
· Stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
· Bidreg aktivt til eit positivt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
· Ei spanande rolle i eit museum i stor utvikling
· Fleksitid og tenestepensjonsordning gjennom KLP
· Engasjerte og kompetente kollegaer
· Løn etter kvalifikasjonar og kompetanse i stillingskode 1434 rådgivar lønnstrinn 45 (425.600,-) til lønnstrinn 63 (574.700,-)
Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Difor ynskjer vi oss medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livsrøynsle og perspektiv. Har du ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg og til å søkje. Får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det.
Stillinga rapporterer til fagdirektør kunst. Arbeidsstad er Ålesund, med noko reising.
For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med:
Fagdirektør kunst, Benedikte Holen, tlf. 97 68 16 66.
Personalansvarleg, Anja Rødset, tlf. 41 80 88 51
Send søknad og CV til post@vitimusea.no
Søknadsfrist: 7. februar