Viti sluttfører arbeidet med bygdebøkene for Haram
Frå siste istid til eit moderne samfunn. Viti skal skrive historia om Lepsøya og Haramsøya på sunnmørskysten.
Vinteren 2021 vart det signert avtale mellom Haram Bygdebok AS og Stiftinga Viti om skriving av allmennsogedelen i tre band i bygdebokserien for tidlegare Haram kommune. Det første av dei tre banda som no skal skrivast vil dekke Lepsøya og Haramsøya og dei to neste tek føre seg Brattvåg og Hildrestranda.
To delar
Bandet for dei to øyane skal etter planen kome ut hausten 2022 og dei to siste banda i 2023. Det er historikarane Ivar Gunnar Braaten og Eldar Høidal som skal gjere skrivearbeidet.
Bygdebøkene for Haram er delt inn i to delar; ein allmennsogedel og ein slektshistorisk del. Den slektshistoriske delen er det bygdebokforfattar Olav Myklebust som står for.
Allmennsogedelen skal fortelje om samfunnsutviklinga frå dei første menneska kom til Haram like etter siste istida. Haram ligg ved kysten og fisket var ein viktig del av livsgrunnlaget, ved sida av jordbruk og dyrehald. Dei siste hundre åra har det vore allsidig næringsdrift i området, og særleg har den maritime industrien fått eit godt fotfeste. Forfattarane skal også fortelje om det som har skjedd innan kommunal administrasjon, skuledrift, helse- og sosialsektoren og kulturlivet. Dei siste åra vil utviklinga innan samferdsla få ein sentral plass. Det vert ein ny kvardag for folket på Haramsøyane når dei vert knytte til fastlandet med tunnelar og bruer frå hausten 2021.