Viti på Museenes forskerkonferanse

Viti har delteke på Museenes forskerkonferanse i Bergen.
Det er Norges museumsforbund sin seksjon for forsking som arrangerer seminaret, og museumsforskarar frå heile landet deltek.
I dag har fagdirektør Ingvil E. Grimstad og konservator Cecilie Rørstad hatt ein presentasjon om korleis Viti arbeider med forsking. Satsinga på forsking er nedfelt i Viti sin strategi og planverk.
I musea sitt samfunnsoppdrag er forsking sentralt, på line med formidling og forvaltning.
Sidan 2017 har Viti publisert til saman 11 fagfellevurderte artiklar og bøker.
"Det er interessant å høyre kva andre museum forskar på, og det er viktig å vere her for å knyte nettverk og vere med på utviklinga av forsking i musea", seier Grimstad.