Viti og Sykkylven signerer avtale!

Sykkylven kommune er første på Sunnmøre som når det nasjonale målet om kommunal medfinansiering av musea. Avtalen sikrar alle skular og barnehagar gratis inngang i musea.
– Vi har signert ein avtale om drift av musea og at vi leverer museumstenester til Sykkylven kommune. Sykkylven er ein føregangskommune på kulturfeltet, og den første kommunen som signerer denne nye avtalen. Det gir oss veldig gode og stabile rammer for drifta av musea, seier administrerande direktør i Stiftinga Viti, Audhild Gregoriusdotter Rotevatn.
Ordførar Olav Harald Ulstein er svært nøgd med avtalen.
- Dette er ein stor, profesjonell organisasjon, så å vere ein del av det er veldig bra. Ser ein det frå musea sitt utgangspunkt, er det ein kjempefordel at ein kan hente kompetanse i eit større miljø. Først og fremst har ein føreseielegheit og trygge rammer, og ein veit kva ein skal forhalde seg til. For Sykkylven kommune er dette ein vinn-vinn-situasjon, seier han.
Avtalen skal sikre heilskapleg drift for materiell og immateriell kulturarv for heile regionen og drift av dei to musea i Sykkylven, Møbelmuseet og Naturmuseet.
- Avtalen sikrar barn og unge, samt barnehagar og skular gratis inngang i musea våre. Dette er svært viktig for Viti. Sykkylven kommune ser kultur i ein større samanheng – og dei tenkjer langsiktig, seier Rotevatn.
Avtalen sikrar det nasjonale målet på 80 kroner per innbyggjar og vert årleg indeksregulert. I tillegg er avtalen justert i høve til ny Kulturlov og internasjonale etiske retningslinjer. Avtalen er politisk handsama av kommunestyret i Sykkylven og vart samrøystes vedteken. Dei to musea i Sykkylven har svært aktive frivillige som bidrar stort inn til musea.
-Dei frivillige i Sykkylven er ein stor ressurs, med all sin kompetanse. Samarbeidet dei har med dei tilsette er svært godt og saman byggjer vi eit lokalmiljø kring kulturarv, profesjonell kulturforvaltning og frivilligheit, avsluttar Rotevatn.

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn
Adm. og leiing: Administrerande direktør
+47 908 43 977 / audhild@vitimusea.no