Viti får 2 millionar i varig auka tilskot i framlegg til statsbudsjettet for 2025!
I regjeringa sitt budsjettforslag for 2025 som vart lagt fram mandag 7.oktober får Viti ei varig auke på 2 millionar som skal sikre drift av Anders Svor-museet.
-Vi er veldig glade for at regjeringa ser at det trengst varige midlar for å drifte Anders Svor- museet. Dette har vi arbeidd hardt for og vi takkar så mykje for midlane. Vi har dokumentert behov for fire millionar kroner i året, og med to er vi halvvegs. Vi må setje oss ned og sjå på korleis vi skal løyse det som står att. Viti har i utgangspunktet mykjelågare basisfinansiering frå staten enn andre museum på same storleik. Denne skeivfordelinga er krevande over tid, seier Jon Aasen, styreleiar i Viti.
-Vi er godt i gang med fleire tiltak som tilstandsvurdering og konservering av samlinga, og oppgradering og istandsetting av museumsbygninga. Når vi no har fått sikra midlar til drift kan vi sjå framover og legge ein god fagleg plan for museet, seier fagdirektør for kunstavdelinga i Viti, Benedikte Holen.

