Viktige midlar til brannsikring av kulturarven

Stiftinga Viti har fått fersk finansiering og vil brannsikre dei antikvariske bygningane på Brudavolltunet i Ørsta for nesten tre hundre tusen kroner. - Eit enormt løft, seier administrerande direktør i Viti, Audhild Gregoriusdotter Rotevatn.
Stiftinga Viti har arbeidd med risikovurdering og sikring av det historiske tunet på Brudavollen i Ørsta. Tidlegare i år fekk Viti tildelt sikringsmidlar frå Kulturdirektoratet på 165 000 kroner. Torsdag kom meldinga om at Stiftelsen UNI har g tildelt kr. 110 000 til brannsikring av Brudavolltunet. Dette gjer at brannsikringa av det unike gardstunet vert betydeleg oppgradert. Tilfredsstillande branndetektering og -varsling kjem no på plass.
-Det skal installerast detektorar i kvart av dei antikvariske husa og i servicebygget. Bygningane i tunet ligg tett, og i ein brannsituasjon er rask responstid avgjerande for å hindre brannsmitte mellom bygningane, seier administrerande direktør i Viti, Audhild Gregoriusdotter Rotevatn.
Gardstun «på rot»
Brudavolltunet er eit gardstun «på rot» i Ørsta kommune. Garden er eit av svært få einbølte gardsbruk i regionen. Tunet består av stovehus, kårstove, stabbur, løe, smie og hjulhus, og ligg i sitt opprinnelege kulturmiljø, med innmark og hageanlegg. Tunet vart etablert slik det framstår i dag tidleg på 1800-talet, men har røter tilbake til 1600-talet. Deler av løa er frå 1622, og løa er freda.
- Midlane frå Kulturdirektoratet og Stiftelsen UNI er heilt avgjerande. Viti skal ta vare på kulturarven for framtida. Ein brann vil vere heilt katastrofalt for bygningane, og difor har arbeidd med finansiering til brannsikring sidan vi tok over eigarskapen, seier Rotevatn.
Viti held også på å utarbeide ein skjøtselsplan for kulturlandskapet og har starta opp prosessen med restaurering av den tømra fjøsen i den freda løa.
Tunet på Brudavollen vart etablert som museum av Ørsta bygdemuseumslag i 1955, og var i laget si eige fram til fusjon med Stiftinga Viti i 2020. Husa er innreidd delvis med gjenstandar som har høyrt til på garden, og delvis med gjenstandar samla i Ørsta kommune. Gjenstandssamlinga rommar ei særs god tekstilsamling, mellom anna med dåpshuer og barneklede.
Dessutan er det eit nyare museumsbygg, frå 2005, med formidlingslager, foredragssal/formidlingsrom, kontor, kjøkken og wc.
Museet har faste opningstider i sommarhalvåret, og er ope på arrangementsdagar og etter avtale gjennom heile året. Neste store arrangement er førjulssøndag siste helga i november.

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn
Adm. og leiing: Administrerande direktør
+47 908 43 977 / audhild@vitimusea.no