Venstre vil løyse Svor-floka

Venstre set av 3 millionar kroner i Revidert Nasjonalbudsjett til Anders Svor-museet i Hornindal, for å løyse floka som har oppstått etter flyttinga av ansvaret frå Svormuseet over til Møre og Romsdal og regionmuseet på Sunnmøre (Viti).
- Anders Svor er ein av Noregs største bilethoggarar gjennom tidene, og Svor-museet i Hornindal er ei perle som fortener både å bli tatt vare på og å vere ope for publikum. Venstre er overraska over at Ap/Sp-regjeringa ikkje for lengst har erkjent at rotet rundt overflyttinga av Svor-museet til nytt fylke må ryddast opp i. No kan det ikkje gå prestisje i saka lenger – det må av omsyn til Hornindal, heile regionen og Anders Svor sitt minne rett og slett ryddast opp. Difor set Venstre av ekstra pengar til Viti for å kunne halde Svormuseet ope, og eg vil sterkt oppmode regjeringspartia og SV til å gjere det same i budsjettforhandlingane som no pågår.
Det seier Alfred Bjørlo, stortingsrepresentant for Venstre frå Sogn og Fjordane.

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn
Adm. og leiing: Administrerande direktør
+47 908 43 977 / audhild@vitimusea.no