Ungfiskteljing med UngNatur
Årets ungfiskteljing med UngNatur og ferskvassbiolog Marius Kambestad, vart gjennomført i Velledalselva og Brunstadelva laurdag 27. september.
Det var både kjekt og lærerikt å få vere med ein ferskavassbiolog på feltarbeid. Her fekk vi innblikk i både korleis ein ferskvassbiolog arbeider og om livet i elva.
Marius Kambestad arbeider i forskingsinstituttet NORCE i Bergen, og har gjort ungfiskteljingar i vassdrag på Sunnmøre i fleire år. Å følgje med laks- og aurebestanden i slike vassdrag over tid er viktig, og spennande!
Ein stor takk til ungdomane som var med oss denne flotte haustdagen! Det er inga sak å utføre ungfiskteljing i sju lokalitetar med slikt eit arbeidslag. Godt jobba!
Foto: Magnhild Vatne / Viti


