Aktuelt

Utseld ein månad før første napp

Mange vil vere med på årets Borgundfjordfiske. Allereie ein månad før vi kastar loss er vi utselt for dei 13 annonserte fisketurane med Storeggen av Aalesund.

- Til saman skal 168 ivrige gjestar prøve fiskelukka om bord frå bankskøyta, seier Richard Lindin, marknadskoordinator i Viti.

Eit sikkert vårteikn for mange er Borgundfjordfisket, eit fiske som har vore sentralt for framveksten av Ålesund som kjøpstad og by. – Vi i Viti ønskjer å gi publikum moglegheit til å ta del i det fantastiske eventyret som har lokka oss i generasjonar. Få stadar er vel då betre enn om bord i den staselege bankskøyta vår, ein replika av båttypen knytt til fiske på Sunnmøre, seier Lindin.

Billettane vart lagt ut for sal allereie i november 2022 og det begynte fort å fylje seg opp. Tilbodet vart derfor utvida med endå fleire turar.

Nytt av året er også ein eigen tur for ungdom mellom 15-18 år. Også her har vi hatt stor pågang. Det er utruleg kjekt å sjå at også den yngre garde ivrar etter å ta del i kysthistoria vår, avsluttar Lindin - og ønskjer samstundes alle «skitt fiske».