UNI-midlar til Viti
Viti har fått 500 000 kr frå Stiftelsen UNI til sikringstiltak i den nye basisutstillinga på Sunnmøre museum. «Vi er svært glade for løyvinga, som er avgjerande for at vi skal kunne formidle Sunnmøre si historie og samtid gjennom originale gjenstandar frå samlingane i kombinasjon med moderne utstillingsdesign» seier Cecilie Rørstad, prosjektleiar for utstillinga.
Midlane frå UNI gjer det mogleg for oss å vise eit stort mangfald av antikvariske gjenstandar frå den rike samlinga til museet på ein trygg og sikker måte. No vil publikum få sjå dåpslua, originale trykk frå Sivert Aarflots Prenteverk, brudedrakter og mykje meir.
Utstillinga skal formidle og utforske forholdet mellom menneske, natur og samfunn og vise samanhengar og kontrastar i dette. Vi vil sjå korleis menneskeleg påverknad har forma og utnytta natur og utforske berekrafta i dette både i fortid og samtid. Publikum vil møte stemmene til einskildmenneska som har teke del i samfunnet vårt på ulikt vis gjennom tidene. Utstillinga skal vere ein engasjerande arena for å møte, oppleve og utforske kulturarv og samtid. Vi er opptekne av at publikum skal få oppleve utstillingar med solid fagleg innhald, profesjonell design og digitale løysingar av høg kvalitet. Ambisjonen er at utstillinga skal vere med på å gjere Sunnmøre museum til ein arena der publikum i alle alderar får møte kulturarv og samtid.
