Aktuelt

Toppscore til Viti

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn

Adm. og leiing: Administrerande direktør

+47 908 43 977 / audhild@vitimusea.no

Kulturdirektoratet gir regionmuseet Viti svært gode vurderingar for museumsarbeidet i ein ny rapport. Særleg formidling, forsking, utviklingsarbeid og samarbeidet med dei frivillige vert framheva. - Viti har tatt store steg i det museumsfaglege arbeidet. I dag er vi stolte, seier administrerande direktør Audhild Gregoriusdotter Rotevatn.

Vurderinga frå Kulturdirektoratet er ei årleg vurdering. For museumsåret 2022 får Viti toppscore på formidling og forsking og nest høgaste score på forvaltning og bevaring.

- Dei dyktige tilsette i Viti har arbeidd systematisk med å heve den museumsfaglege kvaliteten. Born og unge er eit viktig satsingsområde gjennom tilbod som Framtiderne, alderstilpassa skuleformidling, folkemusikkopplæring og digital formidling. Viti vann to nasjonale prisar for formidlingsarbeidet i 2022.

Eit viktig prinsipp for regionmuseet Viti er aktiv deltaking.

- Viti har som eitt av få museum i Noreg utarbeidd ein eigen frivilligplan. Målet er å styrke samarbeid mellom museet og dei frivillige og å synleggjere den betydelege innstasen dei frivillige legg ned for kulturarven.

- Vi har oppnådd flotte resultat saman med våre frivillige. Særleg vil vi framheve samarbeidet ved tre arenaer som konsoliderte inn i regionmuseet 2021: Brudavolltunet i Ørsta og Møbelmuseet og Naturmuseet i Sykkylven. Den lokale forankringa er sterk, og saman har vi fått til mykje, seier Rotevatn.

For forskings- og utviklingsarbeid ligg Viti no godt over landsgjennomsnittet. Forskingsarbeid i musea er ei viktig og ressurskrevjande oppgåve. I 2022 vart Årbok for Sunnmøre godkjend som vitskapleg publikasjon. Direktoratet skriv: “Fem større publikasjoner, fem publiserte forskningsartikler med fagfellevurdering og 39 andre fagartikler betyr en svært positiv utvikling i samtlige kategorier, og ett toppår innen siste femårsperiode. Museet ligger godt over landsgjennomsnittet for fagfellevurderte publikasjoner per ansatt”

På forvaltningssida får Viti også god tilbakemelding. Kulturdirektoratet vurderer det slik at museet gjennom systematisk og målretta arbeid er i ferd med å skaffe seg oversikt og kontroll. Det gir rom for å utvikle samlingene vidare, skriv direktoratet.

Kvart år lagar Kulturdirektoratet ei vurdering av musea i det nasjonale museumsnettverket. I Møre og Romsdal er det fire konsoliderte museum.

Viti formidlar og dokumenterer folkemusikk og folkedans frå Møre og Romsdal. Foto: Kristin Støylen/Viti
Viti formidlar og dokumenterer folkemusikk og folkedans frå Møre og Romsdal. Foto: Kristin Støylen/Viti
Toppscore til Viti — Viti — Viti