Aktuelt

Tilskot til kunstsamlinga i 2024

Kvart år kjøper Viti inn kunst til samling. Desse innkjøpa er mogleggjort av tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune og øyremerkte midlar frå vårt eige driftsbudsjett.

Innkjøpa til Kube-samlinga, er prega av museets si forplikting til å samle samtidig og historisk kunst med relevans for regionen. Vi prioriterer inntak av kunst frå profesjonelle kunstnarar knytt til regionen, geografisk eller innhaldsmessig. I 2024 kjøpte vi inn 8 verk til Kube-samlinga og fekk ein donasjon. Verka er representative for vår samlingsprofil og består av ein kombinasjon av eldre verk, som vi manglar i samling, til nolevande kunstnarar med regional relevans.

Jugendstilsamlinga veks kvart år, og sjølv om vi særskilt samlar norsk jugendstil, kan og internasjonal jugendstilkunst samlast når den har relevans for museet si samling. Sju objekt vart innlemma i samlinga i 2024, og i tillegg fekk museet fleire mindre donasjonar.

Innkjøp KUBE:

Konrad Mehus, «Medaljong», 1968/69, unika, S925 og vindusemalje

Ole T. Ytterdal, 3 verk, «I blomstringstiden», «Akt», «Sjølvportrett», udatert, målerier

Ørnulf Opdahl, «Komposisjon», 1969, akvarell og gouache

Gunnar Haukebø, «Morgen», 1965, måleri, olje på lerret

Simon Wågsholm, «Settlement 2», 2021, måleri, akryl på lerret

Preben Solevåg, «The perphlexed tv ep. 1-10», 2023, video, mp4, 13:27 min

Gunnhild Torgersen, «Bunnbærere», 2021 (1 del av en serie på 7 verk), skulptur (marin leire, kobber, kalkstein, tinn bivoks)

Ragnhild Aamås, «Dei levande søve, og dei døde har godt av å bli litt skremt – Maintenance sleep», 2022, installasjon

Innkjøp Jugendstilsenteret:

Lysekrone i messing med tre glasskupler

Andreas Schneider, Mønsterskisse, 1913, gouache på papir

Andreas Schneider, Skisse til vase, tidlig 1900-tallet, gouache på papir

Andreas Schneider, Utkast til vase, 1895, akvarell og blyant på papir

Taklampe (parafin), i messing med kvit glasskuppel

Mathilde Dietrichson, «Sommerveranda», udatert, måleri, olje på lerret

Armstol, 1898/99, utskåret og bemalt tre, trekk i vevet ull; Design på stol: Lilla Hansen; design på stoff: Frida Hansen

Donasjonar KUBE

Ole T. Ytterdal, «Eidsvik portrett», udatert, måleri, olje på lerret

Donasjonar Jugendstilsenteret

1 håndbrodert duk, ull, motiv av paradisfugler

1 håndbrodert pyntepute, med stilisert blomstermotiv

1 bok, «Den nye junglebog» av R. Kipling, 1918

1 elektrisk lysekrone, bronse med relieffmotiv av furugrener og kongler og innfelte kuplar i opakt kvitt glas

3 små esker med fotografier/glassplater

6 putevar, håndbroderte, ca 1920

3 overlaken håndbroderte, ca 1920

1 panel fra Rønnebergvillaen, utskåren relieff med bladmotiv

Solfrid Otterholm

Solfrid Otterholm

Avdeling kunst og design: Kurator

977 71 815 / solfrid@vitimusea.no

Tilskot til kunstsamlinga i 2024 — Viti — Viti