Aktuelt

Tid for å lage fårerull

Planar om å lage fårerull - men usikker på korleis?
Ingvill og Ingvil viser deg framgangsmåten - saman med gode tips og nyttige råd på Viti sin YouTube-kanal.

Oppskrift og utstyrsliste finn du her!

UTSTYR

  • Kjøkenhyssing eller anna ufarga bomullsgarn
  • Stoppenål (gjerne med spiss)
  • Skjerefjøl
  • Skarp kniv
  • To fjøler
  • Gryte til å koke rullen i -og til å presse den.

INGREDIENSAR

  • 1 slagside
  • Fårekjøtt i bitar (f.eks. bog)
  • 2 ss salt
  • 1 ts pepar
  • 1 ts ingefær
  • 2 ts gelatinpulver
  • Eventuelt finhakka løk

Gjer klart eit rulleskinn av slagside / svange. Fjern bein og stempel.

Den blanke og glatte sida skal ligge ned på skjerefjøla.

Skjer opp kjøt i små bitar. Legg dei oppå slagsida / svangen.

Ha på salt, krydder, gelatin og eventuelt løk.

Rull stramt saman. Begynn der slagsida er tjukkast.

Sy saman. Du kan holde rullen saman med t.d. gaflar eller tannpirkarar (utan fluor!) – om du vil.

Legg fårerullen i grovt salt i 4 – 7 dagar – eller i saltlake. Du kan no også henge rullen til speking. Tid er alt etter smak, men gjerne 2 veker eller meir.

Snurr kjøkkenhyssing rundt heile fårerullen, eller kle den med et kjøkenhandkle, før du legg den i gryta.

Trekk så rullen ved 85 - 90 grader i minimum 2 timar. Du ser at rullen er ferdig trekt, når det kjem klar kjøtsaft ut om du stikk ein strikkepinne i rullen. Om du brukar slagside og kjøt av sau, vil det ta lenger tid å trekke enn om ein brukar lam.

Til slutt må fårerullen pressast. Bruk ei syltepresse, om du har. Du kan også legge rullen på ei fjøl. Ha aluminiumsfolie under, som du brettar opp kantane på. Legg så ei fjøl oppå rullen og sett ei gryte med vatn i på toppen. Eller legg på noko anna tungt. La rullen ligge i press i eit døgn.

Fjern kjøkkenhyssingen og skjære rullen i tynne skiver.

GOD APPETITT!

Ingvill Naalsund

Avdeling kulturhistorie: Fellestenesta formidling

980 96 723 / ingvill@vitimusea.no

Ingvil Eilertsen Grimstad

Ingvil Eilertsen Grimstad

Adm. og leiing: Avdelingsdirektør kulturhistorie

917 69 356 / ingvil@vitimusea.no

Tid for å lage fårerull — Viti — Viti