Aktuelt

Stortingets kulturkomitè gjesta Viti

Ein samla familie- og kulturkomité frå Stortinget mønstra på om bord i Storeggen då dei gjesta Stiftinga Viti måndag og tysdag.

Gjestane fekk omvising i den nye basisutstillinga på Sunnmøre museum, Eg var her – stemmene frå Sunnmøre, av fagdirektør Torbjørn Akslen.

Deretter gjekk turen til Middelaldermuseet med omvising og orientering om det internasjonale forskingsprosjektet knytt til Borgundkaupangen med arkeolog Heidi A. Haugene.

Turen gjekk vidare sjøvegen med bankskøyta Storeggen til Ålesund sentrum, med orientering om dei mange flytande kulturminna i Viti og gjenstandssamlinga ved fagdirektør Torbjørn Akslen.

Administrerande direktør i Viti, Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, orienterte om den spanande utvikling av Sørsida.

-
Det var ein sporty gjeng som fekk ein smakebit på vår kystkultur om bord i Storeggen. Vi ynskte å vise korleis vi brukar båtar for å formidle kystkulturarven vår for born og unge, seier Rotevatn.

Følget vart tatt vidare med på byvandring i jugendbyen med arkitekt og konservator for bygningsvern i Viti avdeling kunst, Signe Svoen.

Besøket vart avrunda tysdag, med omvising på Jugendstilsenteret og KUBE. Fagdirektør Benedikte Holen orienterte om arbeidet knytt til det einaste kunstmuseet i fylket, og arbeidet som nasjonalt kompetansesenter for Jugendstil.

Vert for dagen var administrerande direktør i Viti, Audhild Gregoriusdotter Rotevatn og styreleiar Jon Aasen.

- Det var svært inspirerande å møte så interesserte og lyttande representantar frå Stortinget. Dei viste stor interesse for Viti sitt arbeid innan både kunst og kystkultur og våre spanande planer for å utvikle Viti vidare, seier Rotevatn.

Viti er største kulturinstitusjon i Møre og Romsdal og er i gang med utviklingsarbeid knytt til arenaer i Ålesund sentrum.

Viti har ambisiøse planer og vil gjere Ålesund til ein levande kulturby, seier styreleiar i Viti, Jon Aasen.

Det er første gongen ein samla komité gjestar Viti.


– Vi er svært takksame for å få eit besøk som strekkjer seg over to dagar. Slik kunne vi dele opplevingar med stortingspolitikarane og ta dei med ut av møteroma for ekte kulturopplevingar. Det sette ein ekstra spiss på gjestinga at Viti mottok ein nasjonal pris for nettopp formidlinga medan stortingskomiteenvar på besøk, avsluttar Rotevatn.

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn

Adm. og leiing: Administrerande direktør

+47 908 43 977 / audhild@vitimusea.no

Stortingets kulturkomitè gjesta Viti — Viti — Viti