Aktuelt

Stor auke i museumsbesøket på Sunnmøre

Stiftinga Viti har hatt knallsommar på musea. På byarenaene var auken på heile 50 %. Dei internasjonale turistane strøymer til som aldri før - men publikumsvinnaren for sommaren er Brudavolltunet.

Les meir

Jugendstilsenteret og KUBE, Fiskerimuseet og Sunnmøre museum hadde ein svært stor framgang i årets sommarsesong. Jubileumsutstillinga for Jugendstilsenteret sitt 20- års-jubileum “Ugler flyr i skumringen”, var særleg godt besøkt. I tillegg til jugendstilutstillinga kunne publikum utforske den nye kunnskapslaben for jugendstil, som opna til sommarsesongen. Viti sine arenaer er viktige turistattraksjonar i Ålesund og på Sunnmøre.

- Denne sommaren har vi gjort oss gode erfaringar med mange nye aktivitetar og tilbod, tilpassa både den internasjonale og den nasjonale gjesten, seier administrerande direktør i Viti, Audhild Gregoriusdotter Rotevatn.

Av dei internasjonale gjestane er fleirtalet frå cruise, og det er særleg amerikanarar, britar og tyskarar som merkar seg ut. Skodespelarar i hus og tun på Sunnmøre museum har vore populært. På sommarens mest hektiske dag var det 16 bussar på ein dag i Borgundgavlen.

- Det er enormt. Vi har heldigvis god plass på Sunnmøre museum og mange dyktige tilsette. På Jugendstilsenteret er det så mykje besøk no at vi nærmar oss smertegrensa for kor mange publikumarar vi greier å ta unna på ein dag i eit freda bygg, seier Rotevatn.

Firedobling i Ørsta
Det er ikkje berre internasjonale turistar som nyttar seg av musea på sommaren. Dei lokale er flittige gjestar. Mange tek med familie og venner til museet, og museet er ein populær aktivitet ved heimeferie. Samla sett er det ein auke i besøkstala for heile regionmuseet Viti på heile 44 prosent.

Sommarens absolutte museumsvinnar var Brudavolltunet i Ørsta, der besøkstalet vart firdobla.

Eit mangfaldig sommarprogram, i godt samarbeid med dei frivillige i Ørsta Bygdemuseumslag, bidrog til meir enn ei firedobling av talet på gjestar, seier Rotevatn.

.Faglege føredrag, handtverksaktivitetar for born, olsokfeiring, slått og “grautasøndagar” har vorte ein god miks og ein stor suksess, fortel Rotevatn. Ho framhevar det gode samarbeidet med dei frivillige.

- Vi hadde store ambisjonar for samarbeidet mellom dei tilsette i museet og engasjerte frivillige, men dette overgår forventningane. Det er rett og slett utruleg kjekt å sjå kva vi har fått til saman, seier Rotevatn.

Det er også gjennomført restaureringar på tunet, og det er arbeidd fram eit skjøtselsplan på bygdetunet i Ørsta.

Stor aktivitet også i haust
Snart ventar ein innhaldsrik haust for publikum, på fleire arenaer:

Hausten store høgdepunkt er Per Inge Bjørlo på KUBE. Separatutstillinga Glas, jord, eld vert noko heilt spesielt, seier Rotevatn.

Utstillinga inneheld både eldre og heilt nye verk, og speglar Bjørlo sitt liv frå oppveksten i Spjelkavik på 50- og 60-talet og fram til no. Utstillinga opnar 19. oktober.

Stiftinga Viti kan elles by på ei rekkje spennande føredrag, aktivitetar for born på ei rekkje arenaer i haustferien, familiedag i Molovegen, byvandring. Bygningsvernkveld og naturkafé - for å nemne noko.

- Vi ynskjer publikum velkomne til ein spennande museumshaust!



Audhild Gregoriusdotter Rotevatn

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn

Adm. og leiing: Administrerande direktør

+47 908 43 977 / audhild@vitimusea.no

Stor auke i museumsbesøket på Sunnmøre — Viti — Viti