Send brudebilde frå Sunnmøre

Fotografi av brudepar frå Sunnmøre skal vere ein del av den nye basisutstillinga på Sunnmøre museum, som opnar no til sommaren. Museet ønskjer fotografi som viser mangfaldet i bryllupstradisjonen.
Bryllupet er eit bilde på endringar i samfunnet vårt. Dette gjeld både kven som har moglegheit til og lov til å gifte seg. Kleda brudeparet har på seg viser korleis bryllupsmoten endrar seg. I utstillinga ønskjer vi å vise både endringar og mangfald.
For å få til dette treng vi å supplere samlinga med brudebilde og håper derfor at publikum kan hjelpe oss med nye og eldre bilde. Bilda kan vere både foto i glas og ramme og digitale fotofiler.
Ta med deg fotoet til museumskafeen på Sunnmøre museum søndag 13. februar. Der møter du prosjektleiar for utstillinga, Cecilie Rørstad. Ein kan også sende ei bildefil til cecilie@vitimusea.no.
Bilda vert sjølvsagt registrert og dokumentert, på same måte som andre gjenstandar museet tek vare på for framtida.