Rett i garnet selt til USA
Den nyleg utgitte boka Rett i garnet er selt til eit amerikansk forlag og kjem ut på engelsk over nyttår. - Fantastisk at vår nære kulturhistorie er interessant for eit globalt publikum, seier Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, administrerande direktør i Viti.
Boka Rett i garnet, kom ut på Museumsforlaget i oktober. Forfattarane er tekstilkonservator Line Iversen i Viti og Margareth Sandvik. Boka handlar om fiskaren sine klede på sjøen, frå 1700-talet og fram mot 1900-talet. Dei tradisjonelle plagga fiskaren brukte har gitt oss inspirasjon til nye strikkeoppskrifter på genserar, jakker, luer, vottar, vest og underklede – tilpassa menn og kvinner i vår tid.
Historia om strikkeplagga er også ei historie om kjærleiken som låg bak. Historiske kjelder viser oss kva klede fiskarbonden brukte, kven som lagde dei, kvar kleda vart brukt, og om import og mote i fiskardrakta frå utlandet.
Boka er på ein omfattande foredragsturné og har trekt fulle hus fleire stader.
At eit amerikansk forlag kjøper rettane på engelsk før boka har levert salstal nasjonalt i Noreg, seier noko om kor interessant boka er for ein global marknad, seier forlagssjef i Museumsforlaget Laila Andreassen.
Boka kjem ut på engelsk i løpet av hausten 2022.
- Vi har visst at vi sit på ein solid fagkompetanse. At vi treff både eit publikum som både er interessert i kulturhistorie, strikking og kystkultur, seier noko om kvaliteten på arbeidet, seier Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, administrerande direktør i Viti.
Forfattar og tekstilkonservator i Viti, Line Iversen og ålesunder og professor Margareth Sandvik har møtt eit breitt publikum i den pågåande foredragsturneen denne hausten.
At raudehua som vi ser på som den sunnmørske kulturarven vår, no får si rettmessige plassering i ein internasjonal kulturkontekst er på høg tid, men like fullt utruleg stas, seier Line Iversen i Viti og Margareth Sandvik.
Foto: Marius Beck Dahle / Viti
