Publikumsrekord på Førjulssøndag!
Sunnmøre museum sette ny publikumsrekord under gårsdagens gjennomføring av den tradisjonsrike førjulssøndagen på museet. Mange og lærerike aktivitetar, kombinert med eit perfekt museumsvêr, bidrog til at meir enn 1500 små og store besøkjande tok turen til museumsområdet.
– Det er verkeleg stas å få ønskje så mange velkomen til Førjulssøndag på museet. For mange er dette ein årleg tradisjon – og stadig fleire nye besøkjande finn vegen til arrangementet. Stemninga og engasjementet blant gjestane gjer denne dagen til noko heilt spesielt også for oss som jobbar her, seier Siw Solvang, marknadssjef i Viti.
Årets arrangement var utvida med nye aktivitetar og fleire utstillarar. Dei mange trufaste frivillige frå dugnadsgrupper og venelag leverte som alltid ein uvurderleg innsats. Saman bidrog det til ei god og innhaldsrik førjulsramme - for mange også eit lite pusterom midt i ei travel førjulstid.
Foto: Mirjam Vikestrand / Viti

